Der draumar sviv - Haugtussa i nye tonar // Sommarkveldar på Knudaheio

Triokonsert med Jorunn Undheim, Bjørge Verbaan og Tarjei Nysted Sommarkveld i Knudaheio 16/6: Jorunn Undheim, Bjørge Verbaan og Tarjei Nysted, konsert: Der draumar sviv - Haugtussa i nye tonar....
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
16.Jun
2021
5:45pm

Detaljer

Triokonsert med Jorunn Undheim, Bjørge Verbaan og Tarjei Nysted Sommarkveld i Knudaheio 16/6: Jorunn Undheim, Bjørge Verbaan og Tarjei Nysted, konsert: Der draumar sviv - Haugtussa i nye tonar. Arrangementet varer 1 time. Som følgje av smittevernreglane, har vi førebels 40 publikumsplassar. Vi bed dei som vil sitje under konserten om å ta med eigen stol. Vi gjer òg merksam på at det ikkje finst noko toalett å nytte på Knudaheio, og at konserten kjem til å verte spelt under open himmel. I oktober 2019 gav komponist Bjørge Verbaan og songar Jorunn Undheim ut albumet «Der draumar sviv», som inneheld 14 tonsette dikt frå Haugtussa av Arne Garborg. Songar Jorunn Undheim vaks opp i Veslemøy sitt rike, på garden der diktarstova Knudaheio i dag ligg, og i naturen som Garborg skildrar i diktsyklusen. Gjennom musikken, og ikkje minst gjennom Sigbjørn Reime si språkmoderniserte utgåve av syklusen, presenterer "Der draumar sviv" ei Haugtussa for vår tid. Onsdag 16. juni vert musikken framført i hagen på Knudaheio. Konserten vert arrangert i lag med Nasjonalt Garborgsenter. Smiegarden på Undheim held ope og serverer forfriskingar fram til 23:00. Ta kontakt med Smiegarden, kultur- og gjestehus. om du ønskjer å bestille bord.

Praktisk info

Enjoy-kode: 137278
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Barn, Eldre, Voksne
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.