Den skamfulle dansen av Anna og Berit Einemo Frøysland | Frontlosjefestivalen

Velkomen med på reisa til ei taktfull tå! Du er på lokal disko i gymsalen. Det skal dansast. Du slår ut og opp med armane og dreg i gang dansen. Folk blir med. Gymsalen er no passe stor. Du kan...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
24.feb
2022
kl 20:30

Detaljer

Velkomen med på reisa til ei taktfull tå! Du er på lokal disko i gymsalen. Det skal dansast. Du slår ut og opp med armane og dreg i gang dansen. Folk blir med. Gymsalen er no passe stor. Du kan blande deg inni skogen av folk og kjenne deg trygg. Men akk, det var berre ein fantasi. I verkelegheita står du urørleg, er 13 år og beveger deg berre inni kleda dine. Med stortåa fylgjer du takta inni skoen, ingen ser det.

LÆR AV DEG SJENANSEN! og alt vil bli bra.

Inni kvar enkelt av oss lurer det ein lovbrytar, klar til å springe ut ved fyste anledning. Bli med oss inn i fridomens rike, eit velkonstruert luftslott fullt av grubleri og spørsmål om av-sjenering.

Dansarane Anna og Berit livar opp att forelda, stiv sjenanse. Dei utrykkjer seg gjennom eit detaljert formspråk som inneber både dans, skodespel, song, filosofi, historieforteljing, føredrag, optimaliseringsprosessar, sjølvhjelp og minner.

Om kunstnaren Anna og Berit kjem frå Lærdal og dei har si profesjonelle utdanning som dansarar frå henholdsvis Kunsthøgskulen i Oslo og Balettakademien i Stockholm. Dette er det andre scenekunst-prosjektet dei skapar saman.

Rulletekst Dans og koreografi: Berit Einemo Frøysland og Anna Einemo Frøysland |Co-produsent: Frontlosjefestivalen |Støtta av: Kulturrådet, FFUK, Fjelldansen koreografiske senter og Proscen |Ytre auge: Cecilie Lindeman Steen |Dramaturgisk vegleiing: Andrea Spreafico

annafroysland.com beritfroysland.com

Torsdag 24. februar 10:00 Seminar 19:00 GardeningavRita Maria Munoz(NO/CL) | Søylesalen 20:30 Den skamfulle dansen avAnna og Berit (NO)| Kongesalen

Fredag 25. februar 10:00 Seminar 19:00 Somethimes the directive may not work as plannedavSang hoon Lee(KR) | Søylesalen 20:30 Clean bastardsav Martijn Joling(NL) | Kongesalen

Laurdag 26. februar 18:30 Rita Løvetannhjarte avLina Taule Fjørtoft(NO) | Søylesalen 20:00 Amor Fati avSigmund Njøs Hovind(NO) | Kongesalen 22:00 piñata, hotdogs og paljettar

frontlosjen.com | @frontlosjen | #losjefest

Praktisk info

Enjoy-kode: 755626
Type
Scene
Passer for
Ungdom, Eldre, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker