Den bortkomne Faderen/Haugtussa i nye tonar / Sommarkveldar på Knudaheio

Sommarkveld i Knudaheio 20/6: Torbjørn Berglund Eriksen, opplesing: Den bortkomne Faderen (utdrag). Jorunn Undheim og Bjørge Verbaan, konsert: Haugtussa Sommarkveld i Knudaheio 20/6: Torbjørn...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
20.jun
2021
kl 17:45

Detaljer

Sommarkveld i Knudaheio 20/6: Torbjørn Berglund Eriksen, opplesing: Den bortkomne Faderen (utdrag). Jorunn Undheim og Bjørge Verbaan, konsert: Haugtussa Sommarkveld i Knudaheio 20/6: Torbjørn Berglund Eriksen, opplesing: Den bortkomne Faderen (utdrag). Jorunn Undheim og Bjørge Verbaan, konsert: Der draumar sviv - Haugtussa i nye tonar. Arrangementet varer 1,5 time. Som følgje av smittevernreglane, har vi 40 publikumsplassar. Vi bed dei som vil sitje under konserten om å ta med eigen stol. Vi gjer òg merksam på at det ikkje finst noko toalett å nytte på Knudaheio, og at konserten kjem til å verte spelt under open himmel. Den bortkomne Faderen Den bortkomne Faderen (1899) er Arne Garborgs kortaste og vakraste roman, ein poetisk og musikalsk tekst om livets meiningssøkande spørsmål. I 2019 las skodespelar Torbjørn Berglund Eriksen boka i si heilskap under Garborgdagar. I ei noko forkorta utgåve tok han romanen med seg på turné frå Litteraturhuset i Oslo, til Tou Scene i Stavanger hausten 2019. På konserten 20. juni på Knudaheio får publikum høyre utdrag frå romanen. Etter at han blei uteksaminert frå teaterhøgskulen (KHiO) i 2003 har Torbjørn Berglund Eriksen vore tilsett ved Rogaland Teater og Det Norske Teatret. Sidan 2010 har han arbeida som frilans skodespelar. Han har blant anna spelt roller som Werther i «Unge Werthers lidingar» (2010), Orin i «Sorga kler Elektra» (2012), tittelrolla i «Hamlet» (2014). Dei to sistnemnde tolkningane fekk Berglund Eriksen Heddapris for. Der draumar sviv - Haugtussa i nye tonar I oktober 2019 gav komponist Bjørge Verbaan og songar Jorunn Undheim ut albumet «Der draumar sviv», som inneheld 14 tonsette dikt frå Haugtussa av Arne Garborg. Songar Jorunn Undheim vaks opp i Veslemøy sitt rike, på garden der diktarstova Knudaheio i dag ligg, og i naturen som Garborg skildrar i diktsyklusen. Gjennom musikken, og ikkje minst gjennom Sigbjørn Reime si språkmoderniserte utgåve av syklusen, presenterer "Der draumar sviv" ei Haugtussa for vår tid. Sundag 20. juni vert musikken framført i hagen på Knudaheio. Les konsertmelding frå duokonserten her: https://artistfoto.no/2020/03/10/haugtussa-tidenes-mest-intime-intimkonsert-nordberg-fort/ Smiegarden på Undheim held ope og serverer forfriskingar fram til 23:00. Ta kontakt med Smiegarden, kultur- og gjestehus. om du ønskjer å bestille bord. Konsertane vert arrangert i lag med Nasjonalt Garborgsenter.

Praktisk info

Enjoy-kode: 155111
Type
Konserter
Passer for
Barn, Ungdom, Eldre, Voksne
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.