Daniela Reyes @ Ogna Scene

«...noen få ganger opplever man en artist som får tid og rom til å opphøre. Daniela Reyes er en artist med slike låter, og en temmelig overrumplende, innover-dirrende aura», skreiv magasinet D2 om...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
30.sept
2022
kl 20:00

Detaljer

«...noen få ganger opplever man en artist som får tid og rom til å opphøre. Daniela Reyes er en artist med slike låter, og en temmelig overrumplende, innover-dirrende aura», skreiv magasinet D2 om Daniela Reyes då ho slapp sin første låt i 2021. Dei som har sett Daniela Reyes spela, gløymer det ikkje med det første. Det er noko med dei skjøre og litt vindskeive sangene som ho formidlar med ein kombinasjon av intenst nærvær, stor musikalitet og sjølsikkerhet som gjer eit sterkt inntrykk på publikum. Då ho slapp debutalbumet Engangsdager 1. oktober 2021, var det til eit sjeldan ras av fantastiske anmeldingar. «Et imponerende låtskrivertalent», konkluderte Aftenposten, og trillet 6 på terningen, og VG følgde opp med «Bemerkelsesverdig debut fra usedvalig talent». Ho har gjesta både Lindmo og sist TV-programmet "Hver gang vi møtes", der ho rørte mange då ho song for mora, Maj Britt Andersen. Daniela vaks opp blant instrument, og har lært seg å traktera ganske mange av dei, både på scena og i studio. Og det var trekkspelet ho starta med. Reyes er nyleg ferdig utdanna ved Norges musikkhøgskole, med bakgrunn frå mange sjangrar høyrer likevel hennar særeigne låtar best heime i visesjangeren. Reyes har også rokke å vinna ei rekke stipend og prisar, og er ein artist ein bare kan merka seg navnet på først som sist.

Dørene åpner kl. 19.00 med salg av Pizza og god drikke

Praktisk info

Enjoy-kode: 527363
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
LinTicket

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.