Clean bastards av Martijn Joling | Frontlosjefestivalen

– Ein reingjeringsdans Er du òg lei av timevis med skrubbing av golv, vasking, tørking av kjøkken- og baderomsflater og å rydde opp leikar, bøker og klede? Har du fått nok av å bøye deg i alle...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
25.feb
2022
kl 20:30

Detaljer

– Ein reingjeringsdans Er du òg lei av timevis med skrubbing av golv, vasking, tørking av kjøkken- og baderomsflater og å rydde opp leikar, bøker og klede? Har du fått nok av å bøye deg i alle retningar for å få vaske heime? Å lage rot er enkelt, men å vaske og rydde opp er noko dritt.

Grensa mellom ei danseframsyning og eit sjølvhjelpskurs utfordrast når tre dansarar set reingjeringsrutina under lupen og undersøker korleis repetitivt, fysisk arbeid kan ha ein avslappande effekt på den mentale helsa vår. Clean bastards ønsker å hylle reinhaldarar og alle som bidrar til denne grunnleggande delen av samfunnet.

Martijn Joling starta karrieren sin som rappar i Nederland. Etter å ha drive med hiphop som rap og dansestil, bytte han fokus til samtidsdans/ performancekunst, studerte kreativ og kulturell framsyning og vart uteksaminert med ein BA i moderne teaterdans frå Amsterdam University of the Arts. Martijn held til i Drøbak, og har som dansar jobba med fleire kjente koreografar.

Koreografi: Martijn Joling | Utøvarar: Amy Pender, Carl J. Aquilizan, Yohei Hamada | Kostyme: Nanako Oizumi | Ytre øye: Geir Hytten | Co-produsert av: Bærum Kulturhus, Sprang, Dansekunst i Østfold, Bergen Dansesenter, Østfold Internasjonale Teater | Støtta av: Kulturrådet, Fond for lyd og bilde

Torsdag 24. februar 10:00 Seminar 19:00 GardeningavRita Maria Munoz(NO/CL) | Søylesalen 20:30 Den skamfulle dansen avAnna og Berit (NO)| Kongesalen

Fredag 25. februar 10:00 Seminar 19:00 Somethimes the directive may not work as plannedavSang hoon Lee(KR) | Søylesalen 20:30 Clean bastardsav Martijn Joling(NL) | Kongesalen

Laurdag 26. februar 18:30 Rita Løvetannhjarte avLina Taule Fjørtoft(NO) | Søylesalen 20:00 Amor Fati avSigmund Njøs Hovind(NO) | Kongesalen 22:00 piñata, hotdogs og paljettar

frontlosjen.com | @frontlosjen | #losjefest

Praktisk info

Enjoy-kode: 427728
Type
Scene
Passer for
Eldre, Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker