CC COWBOYS // Sunnfjordsalen, Førde

«Vi gir oss aldri. Vi er CC Cowboys!» Eit av landet sitt mest historiske band feira 30 år i 2020. CC Cowboys har sidan starten vore ei oppvisning i uthaldeskap, kontinuitet, arbeidsvilje og...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
16.okt
2021
kl 20:30

Detaljer

«Vi gir oss aldri. Vi er CC Cowboys!»

Eit av landet sitt mest historiske band feira 30 år i 2020.

CC Cowboys har sidan starten vore ei oppvisning i uthaldeskap, kontinuitet, arbeidsvilje og speleglede. Mottoet til bandet har vore: «Bli ved din lest, enten du er skomakar eller spiller i band. Vær tålmodig, vær arbeidsom. Vær trofast mot deg selv og ditt publikum». Deira fyrste album, Blodsbrødre, selde 90 000 eksemplara, og singelen «Harry» selde 20 000 sjølv. Den blei samtidig ei landeplage og ein song enormt mange framleis har eit sterkt forhold til.

Bandet hadde et opphald mellom 1998 til 2001, men kom då tilbake med nytt mannskap og dei då ferske medlemane Jørn Christensen og Per Vestaby. Med nye lagkameratar, fortsette Magnus Grønneberg og Agne Sæther å bygge opp CC Cowboys til å bli eit av Noreg sitt mest populære og hardtarbeidande band. Som i dag kan sjå tilbake på ein katalog med 12 studioalbum, i tillegg til eit par livealbum og samlealbum. Seinast ut var 2018 sin Perfekt normal, som mellom anna blei omtalt som «overraskande vital frå Fredrikstads svar på Rolling Stones» av Dagbladet.

Etter å ha turnert utan å ha tatt ein pust i bakken i over 15 år, blei 2019 eit velfortent kvileår for bandet. Eit år som blei brukt til å stoppe opp og ta innover seg kvar dei har vore, kva dei har gjort, få kvarandre litt på avstand, og jobbe med nye idear. 2020 skulle vore året for å feire både seg sjølv og sitt virke, og fansen som har vore med på ferda deira så langt. Sjølv om planen om nærmare 50 konserter måtte utsetjast, blei det slept ein stor boks med alle studioalbum, samt eit livealbum frå studioet deira i Halden.

Saman med livemedlemmene Kyrre Fritzner og Eirik Tovsrud Knutsen, ser dei fram til ei rekke sommar- og haustkonsertar som er satt opp rundt om i landet i 2021. Kvar kveld kjem til å bli intet mindre enn magisk, og gutane er meir enn klare for det heile. Arrangør Fjordane Musikkforum

Regjeringa har gjenopna Norge og at vi skal igjen få gå tilbake til den etterlengta og meir normale kvardagen. Vi skal få stå i tett på konsertar, synge så høgt vi kan og danse saman utan kapasitetsavgrensingar.Vi har lagt ut fleire billettar til CC Cowboys laurdag 16.oktober i Sunnfjordsalen. Dørene opnar kl. 20.30. Konserstart kl. 22.00. Møt opp i god tid så du er klar til konserten startar. Konserten har ståplassarBillettsal: https://fjordanemusikkforum.ticketco.events/.../cc...

INFORMASJON BILLETTKJØP:

Kjøper du billett til fleire, MÅ du legge inn navn og telefonnummer på alle. Tiltak Covid19 i Sunnfjordsalen

Vi selger alle billetter gjennom Ticketco der kan vi spore alle gjester ved behov for smittesporing. Gjester legger sjølv inn navn på alle gjester.

For å unngå kø ved inngang vert det kun solgt billetter på ticketco og ikkje i døra. Vakter ved inngang sørger for at eventuell kø held avstand til andre.

Handsprit er tilgjengelig fleire plasser i lokalet. Det er og oppslag om avstand og renhold fleire plassar i lokalet.

Alle kontaktpunkt / bord / serveringsutstyr vert hyppig reingjort.

Personar som ikkje overheld reglar vil verte vist vekk frå Sunnfjordsalen

Personar som er sjuke og har influensa/forkjølelses sympton blir bedt om å halde seg heime.

Praktisk info

Enjoy-kode: 119871
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.