Buskspel: Undergrünnen

I vår har Buskspel konsert annakvar veke med nokre av dei beste indiebanda/konsepta i Norge. Denne gong kjem Undergrünnen på besøk! Undergrünnen er eit av dei beste livebanda i Noreg, har vore...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
14.mai
2021
kl 20:00

Detaljer

I vår har Buskspel konsert annakvar veke med nokre av dei beste indiebanda/konsepta i Norge.

Denne gong kjem Undergrünnen på besøk! Undergrünnen er eit av dei beste livebanda i Noreg, har vore nominert til Spellemann i kategorien Rock 2 gonger, og spelte ein vidgjeten konsert på Vossajazz i 2017.

UNDERGRÜNNEN

Undergrünnen er Haugesund si supergruppe, og spelar musikk dei kallar “jungelkraut”. Medlemmer speler og i band som The Low Frequency in Stereo, Lumen Drones og Wünderkammer. Debutalbumet deira fekk strålande omtalar, og fekk ein Spellemann-nominasjon i rock-kategorien.

I 2020 ga dei ut sitt andre album, som dei og blei spellemann-nominert til (!), Ein Revnande Likgyldighet:

"Med Ein revnande likegyldighet tar bandet musikken hakket videre der debuten slapp. Produksjonen låter frekkere og låtene er vassere. Låtene spenner fra 2,5 min på rockeren «Burmavegen baby» til afrokrautbangeren «Nå e me her» på knappe kvarteret. Platen består av seks låter som tar lytteren med på en rytmisk reise i hoftevrikkende norskspråklig, uklassifiserbar rock.

Undergrünnen anno 2020 mikser 60-talls psykedelia, afrobeat, jazz og minimalistisk newwave sammen med Pål Jackmans sviende tekster om livets eksistensielle nonsens og tilværelsens uutholdelige likegyldighet. Det låter med andre ord fremdeles umiskjennelig Undergrünnen. Som om Paul Simon skulle bytta ut Ladysmith Black Mambazo med The Monks eller MC5 på Graceland-plata, som en anmelder kommenterte ved forrige korsvei"

Pål Jackman – vokal, gitar

Per Steinar Lie – bass, vokal

Ørjan Haaland – trommer, orgel, trompet

BUSKSPEL er ein konsertserie som starte opp på Voss i 2018. Banda og artistane er frå eit breitt utval av sjangrar innan pop, rock, americana mm, med fokus på små og mellomstore indieband. Det vil vere intime konsertar med nokre av dei beste artistane ein har på Vestlandet. Konsertane vil i hovudsak haldast på i Foajeen i Gamlekinoen, ca to gongar i månaden (med litt sesongvariasjonar).

Buskspel er eit uttrykk mykje brukt innan folkemusikken, som handlar om uhøgtideleg og spontant spel utanom det ordinære konsertprogrammet. Det vil ikkje vere jam på Buskspel, men ein ynskjer på same vis å ha ei uhøgtideleg stemning, med nærleik mellom publikum og artistar, og ei overrasking eller to.

Konserten er støtta av Kulturrådet

Praktisk info

Enjoy-kode: 149767
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.