Bugge Wesseltoft - It´s snowing on My Piano

Bugge Wesseltoft - piano, elektronika Bugge kjem tilbake til Kabuso! Etter ei magisk musikalsk stund og fullt hus i fjor kan me sjå fram til ein ny førjulskonsert: Den moderne juleklassikaren Its...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
03.des
2021
kl 21:00

Detaljer

Bugge Wesseltoft - piano, elektronika

Bugge kjem tilbake til Kabuso! Etter ei magisk musikalsk stund og fullt hus i fjor kan me sjå fram til ein ny førjulskonsert: Den moderne juleklassikaren Its Snowing on My Piano svevar frå flygelet fredag 3. desember.

Bugge Wesseltoft er kjend for eit unikt musikalsk uttrykk innan nordisk moderne jazz og har hausta ei rekkje utmerkingar for dette. Han har samarbeidd med med storleikar som Jan Garbarek, Sidsel Endresen, Terje Rypdal, Nils Petter Molvaer og Jon Eberson. Vidare har han danna sitt eige innovative prosjekt kalla New Conception Of Jazz og platestudioet Jazzland Recordings.

Bugge fortel om historia bak albumet frå 1997: "Snowing on my piano" vart laga ut frå eit ønske om ro og fred i jula, og ein pause frå stress, gåvehysteri og det å måtte vera så voldsomt lykkelig heile tida. Som ung jobba eg ved eit akuttmottak på psykiatrisk sykehus og det var eit sjokk for meg å oppdaga at jula også er ei høgtid for depresjon, einsemd og vald i heimen. Då eit tysk plateselskap spurde meg om å laga ei solopiano-plate med julesongar var eg sterkt i tvil, men valde til slutt å spela ho inn på vilkår av at eg fekk gjera det på min eigen måte. Det å vera glad i kvarandre og ha tid til kvarandre er det viktigaste me kan driva med i jula."

Merk at kun eit redusert antal billettar er i sal (av smittevernhensyn), så her gjeld det å skaffa billettar tidleg!

Sjå fleire arrangement i Kabuso: kabuso.no

Praktisk info

Enjoy-kode: 738889
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.