Bondetinget // Risnehall

Bondetinget – ein dokumentarisk ’true crime’ om norsk landbrukspolitikk I år feirar Norges Bondelag 125 år i teneste for den frie, norske bonden. Landbruket har vore i ei rivande utvikling. No...
31.aug
-
kl 20:00

Detaljer

Bondetinget – ein dokumentarisk ’true crime’ om norsk landbrukspolitikk I år feirar Norges Bondelag 125 år i teneste for den frie, norske bonden. Landbruket har vore i ei rivande utvikling. No produserer snautt 40.000 bønder meir mat, og det billigare, enn 225.000 bønder gjorde etter krigen. Dagleg vert det lagt ned 3 gardsbruk, og aldri før har så få produsert så mykje for så lite.

Noko er stole frå dei norske distrikta. Konsekvensane er utarma bygder, nedlagde gardar, utdøyande bygdesamfunn og eit raseri som feiar over landet vårt i val- og jubileumsåret 2021. Korleis kom vi hit? Kva hende med dei 200.000 som forlét næringa - og kva vil hende med dei som er att? Kan ein i det heile tatt snakke om at bonden er fri?

Framsyninga «Bondetinget» i regi av Torkil Sandsund er ei undersøkning og eit djupdykk ned i historia. Vi samlast til bondeting for å granske leiande tankar i landbruket frå Noregs Landmannsforbund var stifta i 1896 og fram til i dag.

Kunstnarleg lag Av Torkil Sandsund Regissør Torkil Sandsund Dramaturg Cecilie Grydeland Lundsholt og Aslak Moe Lysdesignar Krystian Myska Visuelt uttrykk Torkil Sandsund

Medverkande Kyrre Eikås Ottersen

Framsyninga varar i ca 2 timar inkl. pause.

TRYGT TEATERBESØK:

Teater Vestland følger myndigheitene sine forskrifter og retningslinjer for å skape eit sikkert miljø for publikum og tilsette. Når du besøker teateret ber vi deg om at du:

  • Held god avstand til andre besøkande

  • Følgjer retningslinjene for inn- og utgang

  • Er nøye med hand- og hostehygiene

  • Ikkje besøk teateret dersom du er har luftvegssymptom eller sit i karantene.

Praktisk info

Enjoy-kode: 603361
Type
Scene
Passer for
Ungdom, Voksne, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo