Bokpresentasjon Rune Timberlid

Jakta på Siskin - Gestapo og Milorg i krigsdrama i Sogn Vinteren 1945 var dramatisk for Milorg-styrken Siskin i Sogn. Ein angivar i Høyanger sette tyskarane på sporet, og Gestapo-sjefen Helmut...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
24.okt
2021
kl 12:30

Detaljer

Jakta på Siskin - Gestapo og Milorg i krigsdrama i Sogn

Vinteren 1945 var dramatisk for Milorg-styrken Siskin i Sogn. Ein angivar i Høyanger sette tyskarane på sporet, og Gestapo-sjefen Helmut Klötzer gjennomførte store rassiaer. Sentrale motstandsfolk vart arresterte og torturerte. Med Gestapo i hælane måtte fenrik Ragnar Ulstein og hans folk i Siskin byta hovudkvarter fleire gonger. Styrken gjekk i dekning i fjella i Indre Sogn. Med livet som innsats hjelpte mange sogningar Siskin. Det kunne kosta dyrt om Gestapo og Siskin hadde hamna i open kamp. I denne boka får du heile historia om Siskin – frå fire Linge-offiserar vart sende til Sogn i oktober 1944 til styrken overtok kontrollen i mange bygder i mai 1945.

Rune Timberlid (f. 1950) er frå Sogndal. Han har jobba som journalist, redaktør og med kommunikasjon. Timberlid har tidlegare skrive ni kriminalromanar og fleire sakprosabøker.

Praktisk info

Enjoy-kode: 956826
Type
Festivaler
Passer for
Eldre, Barn, Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker