star
star
star
star
star

Blåfjellet og Trollet

Dette er ein flott tur der du går på rygg og får flott utsikt mot Jølstravatnet og dei stolte fjella rundt Nedrebødalen på Ålhus. Turen går i lett og fint terreng, og gir mykje...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 603983
E39 til Ålhusdalen og Nedrebø.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
4 timer
Lengde
4.3 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dette er ein flott tur der du går på rygg og får flott utsikt mot Jølstravatnet og dei stolte fjella rundt Nedrebødalen på Ålhus. Turen går i lett og fint terreng, og gir mykje fjelloppleving!

Tursen startar på Nedrebø. Vis omsyn til gardstun du passerer, og beitande dyr. Lat att grinder etter deg. Flott vandring i gamal beiteskog opp til ryggen. Over skoggrensa følgjer du rygg opp til Blåfjellet der tre steinvardar står og speidar utover Jølstravatnet. Her i frå er det kort veg vidare til Trollet, som gir deg utsikt mot Sølvet og Syskarsnipa. Mellom Blåfjell og Trollet kan det tidleg på sesongen i mai/juni ligge mykje snø, og vere skavlar i austleg retning mot Ålhusdalen. Følg derfor med på dette når du går mellom dei to toppunkta.

Turen tek 3-5 timar t/r.

Turen kan forlengast vidare til Sølvet og Syskarsnipa.