star
star
star
star
star

Berstadhornet m / Tua

Tur til Berstadhornet ( 578 m.o.h ) Beskrivelse Turen startar på Manseidet, like ved riksvei 618. Stien går i opent, lett terreng, og er godt merka med raude pinnar. I periodar med mykje nedbør...
Foto: Merete Otneim

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 469223
Adkomst Fra Selje sentrum er det ca 7 km til startpunktet. Ein følger riksvei 618 mot Vågsøy i ca 5 km, og tek til venstre mot Åheim i krysset på Eide. På toppen av Manseidet er det mulig å parkere både på høgre og venstre side av hovedvegen. På høgre side, når ein kjem fra Selje-sida ser ein Berstadhornet i retning sør-vest. På venstre side av hovedvegen kan ein gå til Eidshornet og Steineggja.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
20 minutter
Lengde
5.5 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Tur til Berstadhornet ( 578 m.o.h )

Beskrivelse

Turen startar på Manseidet, like ved riksvei 618. Stien går i opent, lett terreng, og er godt merka med raude pinnar. I periodar med mykje nedbør er der nokre våte parti, særleg i starten av turen. På vinteren må ein være obs på glatte parti her. Etter ca 15 min gange med lett stigning kjem ein til eit skille, der ein enten kan ta til venstre mot Berstadhornet, eller til høgre mot Tua som også er ein post i fjelltrimmen. Fra skillet er det ca 5 min gange til ein er framme på Tua. Ferden går vidare oppover, også her med parti med noko stigning, til ein etter ca 30 minutt er framme på posten Berstadhornet. Her har ein flott utsikt over Moldefjorden, til Selje og mot Vanylvsfjella. Når ein står ved posten og skuar over Moldefjorden, ser ein Kvamfjellet rett til venstre, det høgaste fjellet i Selje kommune med sine 774 m.o.h. Ein kan gå fra Berstadhornet over til Kvamfjellet. Her er stien ikkje så godt merka.