Baudelaire & Piano 2

I 2021 er det 200 år sidan den franske lyrikaren Charles Baudelaire blei fødd. LitFestBergen markerer jubileet ved å invitere til konsert med artisten og komponisten Susanna Wallumrød som har...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
12.feb
2021
kl 21:00

Detaljer

I 2021 er det 200 år sidan den franske lyrikaren Charles Baudelaire blei fødd. LitFestBergen markerer jubileet ved å invitere til konsert med artisten og komponisten Susanna Wallumrød som har tonesett ti av dikta frå Baudelaires mest kjende verk, diktsamlinga Det vondes blomar.

Albumet Baudelaire & Piano er ei soloutgiving i ordets rette forstand. Med Susanna på piano, vokal og plystring, er lydbildet med den sjelfulle røysta hennar heilt nedstrippa – berre akkompagnert av eit transeliknande pianospel. Vi møter eit uhyggeleg rollegalleri med hekser, heidningar, ulvar, avvikarar, bøller, spøkelse, vampyrar og vonde ånder. Songane beveger seg gjennom lyst og askese, englar og demonar, ømheit og sadisme.

Susanna mottok strålande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt då plata kom ut i september 2020. The Guardian gav ho ros for ei «lysande stemme» og klare, sterke melodiar» og for å «kommunisere ordlause kjensler» i møtet mellom poesien og pianoet. Dagbladet på si side kalla det «mektig og betagende». Velkommen til konsert!

Susanna – vokal og piano

Ingar Hunskaar – lyd

Praktisk info

Enjoy-kode: 511950
Type
Festivaler
Passer for
Eldre, Voksne, Ungdom, Barn
Kilde
TicketCo

Sponsede linker