Bakgårdsfest

Husorkester + grilling + heilaftan ute = Bakgårdsfest! Vel møtt til Bakgårdsfest i Øystese - ein heilaftan ute i godt lag. Kjenn lukten av grillmat, set deg til i fine sitjegrupper, sjå på eit...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
07.aug
2021
kl 19:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 315794
Type
Mat & drikke
Passer for
Voksne, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

Husorkester + grilling + heilaftan ute = Bakgårdsfest!

Vel møtt til Bakgårdsfest i Øystese - ein heilaftan ute i godt lag. Kjenn lukten av grillmat, set deg til i fine sitjegrupper, sjå på eit område som er jazza opp med blomar, høyr på deilig musikk frå eigen utescene omkransa av ljosrekkjer. Dette er Bakgårdsfest 2020!

PROGRAM:

Kl 1800: Portane opnar. Sal av grillmat og lesk. Kl 1830: Sommarquiz med frekke vinstar Kl 1915: Microbandet, set 1 Kl 2030: Kickstarters, set 1 Kl 2145: Microbandet, set 2 Kl 2300: Kickstarters, set 2 Kl 0000: Skjenkestopp Kl 0030: Arrangementet er ferdig

ARTISTANE: Kickstarters: Kickstarters er eit band frå Hardanger. Me spelar våre eigne favorittrockelåtar frå 70-talet og fram til i dag - med solide riff, soloar og energisk vokal. Birger Aga - trommer Tiril Eiken - tangentar Vebjørn Svartveit Larsen - bass Geir Arne Fasteland - gitar Oddbjørn Måge - gitar/vokal Inger Liv Langstøyl - vokal

Microbandet:

Microbandet består av Kjersti Døssland (Yamaha-synth) og Brit Aksnes (gitar) som i nesten ti år har hygga mange og ikkje minst seg sjølve med radbrekking/forbetring av andre sine låtar. Under mottoet ”ingen forventningar” innfrir dei gong på gong med sin blanding av tostemt song og masing i stereo. Som alle seriøse microband, spelar dei helst på etablissement der bingo stundnom er eit naturleg element. Kan me vona på det vanlege repertoaret (ei blanding av Britney Spears, Vassendgutane og Ivar Medaas)? Ingen veit kor micro-haren hoppar.

Tryggleik/Covid-19:

Me gjennomfører arrangementet innanfor gjeldande forskrift og bransjestandard med fylgjande lovnad frå arrangør:

  • maks 200 gjester. Kun førehandssal grunna sporing
  • sitjeplassar til alle
  • bordservering
  • hygienestasjonar på området
  • hyppig vask av fellesområde
  • mogelegheit for 1 m avstand
  • ingen sjuke på jobb Og me vonar du som gjest held deg heime om du syner symptom på luftvegsinfeksjonar

Arrangørar: Øystese fotball og Holmatun

Kart