ANITA NORDHEIM BLUES N`GROOVE COMANY

Dørene opnar kl 2100 // Konsert kl 2230 // Aldersgrense 20 år // Billettpris kr 199,- Eigen studentpris kjem før skulestart. Blues for både kropp og sjel Anita Nordheim Blues n’ Groove Company...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
24.sept
2021
kl 21:00

Detaljer

Dørene opnar kl 2100 // Konsert kl 2230 // Aldersgrense 20 år // Billettpris kr 199,- Eigen studentpris kjem før skulestart. Blues for både kropp og sjel Anita Nordheim Blues n’ Groove Company spelar blues- og groovemusikk slik den er meint å bli spelt. Rått, med følelse, og utan noko juggel.

Ein groovy miks av sjelfulle klassikarar og eige materiale

Anita Nordheim Blues n’ Groove Company starta som ein hyllest til nokre av dei mest særprega

kvinnelege artistane i musikkhistoria, men prosjektet utvikla seg raskt til å bli noko meir.

Etter ein solid start med fleire klubbkonsertar og festivaljobbar gjekk det bergensbaserte blues- og

groovebandet våren 2020 i studio og spelt inn låtane «Burn Me Out», «Despite», «A Perfect Day»,

«Do You Dare», «We Are All Fools A Little» og «The House Where I Live». Sistnemde vil få ein eigen

musikkvideo i løpet av hausten, og frontfigur Anita Nordheim legg ikkje skjul på at ho gler seg stort til

å endeleg få vise omverda kva bandet hennar har brygga på i studio.

– Coverlåtane vi spelar er signert nokre av mine førebilete då eg vaks opp, og dei tende mi interesse

for song gjennom sin musikk. Dette var sterke kvinner som bana veg for oss som kom etter, og som gav alt dei

hadde både på scena og i kulissane. Våre eigne låtar er inspirert av denne musikktradisjonen, men samtidig

prega av medlemmane sine eigne inspirasjonskjelder. Bandet er svært nøgd med resultatet etter opphaldet

i studio, men det er på scena dei trivst best. – Repertoaret vårt består av gode låtar med mykje

trøkk og følelse, om ein gjer dei rett. Sjangrane vi opererer innan gir utruleg mykje når alt klaffar, og

det er den godfølelsen vi ønskjer å skape på våre konsertar, noko vi og får tilbakemeldingar på at vi

lukkast med. Suksessoppskrifta så langt har vore å fokusere på musikken. Det har Anita Nordheim Blues n’

Groove Company tenkt å fortsette med.

– Dette er ekte saker der det ikkje kjem noko mellom oss som musikarar og publikum. Her finst

det ingen effektar eller staffasje, berre rein, rå speleglede. Det er veldig befriande og gir ein nærleik

mellom scene og sal som eg sjeldan har opplevd i mi fleire tiår lange musikkarriere. Vi synst enkelt og

greitt at dette er grådig moro, og energien som vi føler har nok lett for å smitte over på publikum og

skape topp stemning!

Praktisk info

Enjoy-kode: 581658
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.