STAAL + Support: TBA // STØDT Bar & Scene

Om
Staal er eit nynorsk industrial metal-band frå Oslo, Drammen og Trondheim, med røter heilt attende til 2006. Me er best kjende frå debut-albumet «Rambokniv» (2012), der tittellåta no nærmar seg éin...
Staal er eit nynorsk industrial metal-band frå Oslo, Drammen og Trondheim, med røter heilt attende til 2006.
Me er best kjende frå debut-albumet «Rambokniv» (2012), der tittellåta no nærmar seg éin million avspelingar på Spotify.
Den 17. april slapp dei EP-en «Krigsmål» – eit verk som blant anna handlar om Teaterslaget i 1913, då nynorsken bokstavleg tala vart kjempa for med knokejern i Kristiania.
EP-en er innspelt med Thomas Nordgaard Berg på trommer – nyleg krøna til Trøndelags sterkaste mann.
Han slår hardt.
Finst det ein betre stad i heile Noreg å feire ein slik EP enn i Ørsta – Ivar Aasens heimby? Me trur ikkje det! Billettpris: 250kr Aldersgrense: 20 år