Hopp til innhold
Opprett GRATIS arrangørkonto
Enjoy! - Alt som skjer

Odd Nordstoga

Olavshallen, Store sal, TrondheimLørdag 24. oktober 2026 kl. 19:00
Odd Nordstoga
Ukategorisert

Om

Odd Nordstoga er ein av sin generasjons aller største låtskrivarar. Songane hans har heilt sidan gjennombrotet i 2004 krope inn i folks hjarte og blitt der. Han er songpoet og spelemann. Han får os...

Odd Nordstoga er ein av sin generasjons aller største låtskrivarar.

Songane hans har heilt sidan gjennombrotet i 2004 krope inn i folks hjarte og blitt der.

Han er songpoet og spelemann.

Han får oss til å danse og han får oss til å gråte.

Med vemodet i eine handa og musikkgleda i den andre lagar Nordstoga songar som rører ved livet me lever.

Slik skal god musikk vera.

Det er aldri tvil om at denne mannen lever for møtet med publikum.

Difor er det heller ikkje rart at folk over heile landet har teke han til seg – i høgtid som i fest.

Ein konsert med Odd Nordstoga kjennest som ei vitamininnsprøyting, anten han står åleine, med fullt band, i lag med gjester, eller lyfta av strykarar.

Odd er blitt ein nasjonal leverandør av musikk med varig kraft, og når han dreg ut på vegen, har han både gamle skattar og nye songar med seg i skreppa.No arbeider han med ny, strålande musikk.

Og i samband med eit rykande ferskt album som kjem til hausten, tek han med seg sitt glimrande band og besøker Olavshallen 24 oktoberEkstern arrangør: Stageway, All Things Live Norway

Kart

Olavshallen, Store sal

Kjøpmannsgt. 44, 7011 TRONDHEIM

Omtrentlig beliggenhet

Arrangør

🏢

Olavshallen, Store sal

Arrangement-ID:
🔔
Få beskjed om nye ukategorisert i Trondheim
Vi gir deg beskjed når det skjer noe spennende der du bor.

Aktuelle alternativer

Utforsk mer