Kiellandsalong: Kvinnelege forfattarar slepp unna med sexisme i litteraturen
Ny
Om
2025 baud på mange gode og omtalte romanar. Kjøtt av David Szalay og På alle fire av Miranda July er to av dei. Og desse bøkene har vorte lesne og diskuterte i mang ein lesesirkel. No tek vi diskus...
2025 baud på mange gode og omtalte romanar.
Kjøtt av David Szalay og På alle fire av Miranda July er to av dei.
Og desse bøkene har vorte lesne og diskuterte i mang ein lesesirkel.
No tek vi diskusjonen på Kapittel.
Med oss har vi Bjørn Vatne , Monica Goksøyr og Kristin Auestad Danielsen .Begge bøkene fortel om menneske med ei utvikling som er sterkt prega av seksuelle relasjonar.
I Kjøtt følgjer vi ungarske Istvn på ei klassereise frå ei åleinemor med dårleg råd i Ungarn, til den søkkrike eliten i England.
På vegen treffer han mange kvinner.
I På alle fire av Miranda July følgjer vi ei dame frå Los Angeles' øvre sjikt.
Ho er i overgangsalderen, og ho vil oppleve noko nytt.
Ho tek inn på eit motell og får seg ein ung bilseljar til elskar.
Begge romanane er hylla for sin måte å skildre sex, klasse, krise og begjær på.
Men slepp July unna med noko ein mann ikkje kunne skrive?Monica Goksøyr er forfattar og jurist.
Ho debuterte med novellesamlinga Slemme jenter i 2023, som ho fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for.Bjørn Vatne er forfattar frå ålesund.
Han debuterte med romanen Slik skal vi velge våre ofre i 2015, og har sidan gjeve ut fleire romanar, mellom anna Nullingen av Paul Abel og Underliv .Kristin Auestad Danielsen er forfattar, dramatikar og lyrikar frå Gjesdal.
Ho debuterte med diktsamlinga Alle i Norge, i tre, i hengekøyer i 2005 og har seinare skrive både poesi, dramatikk og prosa.Velkomen til ein engasjert lesesirkel!Arrangementet er en del av Kapittel - Stavanger internasjonale festival for litteratur og ytringsfrihet, 16. - 20. september 2026.
Mer informasjon, program og billetter finner du på www.kapittel.no .
Ved enkelte arrangement på Sølvberget og under Kapittelfestivalen tar vi bilder og video for dokumentasjon og til bruk i sosiale medier.
Arrangør
Sølvberget bibliotek og kulturhus
Overnatting i nærheten
Se ledige hoteller og Airbnbs i nærheten av Sølvberget bibliotek og kulturhus