Hilde Selvikvåg - Hagekonsert 2026
Ny
Om
Med popmusikk på klingande jærdialekt har Hilde Selvikvåg raskt etablert seg som ein folkekjær artist. Etter det spellemannsnominerte debutalbumet har ho hatt mange låtar i høg rotasjon på NRK sine...
Med popmusikk på klingande jærdialekt har Hilde Selvikvåg raskt etablert seg som ein folkekjær artist. Etter det spellemannsnominerte debutalbumet har ho hatt mange låtar i høg rotasjon på NRK sine radiokanalar. Med fengande songar som «Karusell», «Indie», «Anemone» og «Fryd» har ho sunge seg inn i mange hjarter og vist at ho er ein unik artist som våger å gå sine eigne veger. Denne konserten er ein del av hennar særeigne og personlege hageturné, eit turnékonsept ho sjølv har bygd opp saman med følgarane sine i sosiale medier. På hageturneen speler ho i hagen til publikum, og besøker alt frå små rekkehus i byane til store gardar ute på landet. Sidan sommaren 2021 har ho besøkt over 200 hagar over heile landet. Kveld etter kveld, år etter år, har publikum heia i sol og regn og skapt magiske stunder saman med Hilde! å få møta folk på denne måten er det finaste ho veit. Konserten er ei reise i barndomsminner, livserfaringar og framtidstankar, fylt med nære og personlege tekstar om livet sjølv. Ektefølt og nært formidlar ho tekstane sine slik berre ho kan, og framkallar både latter og tårer med ein varme og tilstedeværelse av dei sjeldne. Velkomen til hagekonsert med Hilde Selvikvåg! Barn under 10 år går gratis
Arrangør
Rissebærstraen 20
Overnatting i nærheten
Se ledige hoteller og Airbnbs i nærheten av Rissebærstraen 20