Mellom Bergen, Skottland og Kongsberg - Hardanger og omverda på 16- og 1700-talet

Om
John Ragnar Myking er professor emeritus ved Høgskulen på Vestlandet og har mellom anna skrive om tidsrommet 1550 – 1750 i regionhistoria for Hardanger. I dette foredraget skal me følgja hardingane...
John Ragnar Myking er professor emeritus ved Høgskulen på Vestlandet og har mellom anna skrive om tidsrommet 1550 – 1750 i regionhistoria for Hardanger.
I dette foredraget skal me følgja hardingane på byreiser til Bergen, på jakt etter vårsilda ute ved kysten og med hest og kløv over Hardangervidda - med talg og andre varer til Kongsberg.
Og me skal sjå på kontakten over Nordsjøen med skotteskipa som årvisst ankra opp for å henta trelast.
Er det så frå dette handelsnettverket at det utvikla seg ein bygdeelite med kapital og kunnskap som peika fram mot jaktefarten og nordlandshandelen på 1800-talet? Programmet startar kl. 17.00.
Dørene vert opna kl. 16.00.
Det er open kafé.