Sorga er ein Kvit blom

Om
Det er sårt å miste sine næraste, gamle foreldre – eller andre som berre alltid har vore der. Ei sorg vi ikkje snakkar så høgt om. Her inviterer vi til ei varsam og meditativ framføring. Eit rom å ...
Det er sårt å miste sine næraste, gamle foreldre – eller andre som berre alltid har vore der.
Ei sorg vi ikkje snakkar så høgt om.
Her inviterer vi til ei varsam og meditativ framføring.
Eit rom å vere i med eigne tankar og kjensler – men og saman i eit større fellesskap – der tekst og tonar til tider flyt saman, men og står kvar for seg.Publikum får oppleve musikk mellom anna av Arvo Pärt og Johann Sebastian Bach, i samspel med tekstar av Karoline Emmerhoff frå boka «Eg har ikke mor, eg», som ho gav ut sist haust.
Boka handlar om å miste ei mor, langsamt.Samarbeid mellom Karoline Emmerhoff, Arne Martin Aandstad og Munor.Billettpris 250kr + avgift / Unge voksne 19-26 år 50% rabatt.
Barn og ungdom tom 18 år kommer gratis inn (ta med legitimasjon)/Munors Venner 190kr + avgift
Arrangør
Kopervik kirke
Overnatting i nærheten
Se ledige hoteller og Airbnbs i nærheten av Kopervik kirke