Hopp til innhold
Opprett GRATIS arrangørkonto
Enjoy! - Alt som skjer

KONSERT MED EVA WEEL SKRAM| SUPPORT: EVEN| 07.08.2026, POTETFESTIVALEN 2026

Kvalsvika, Nerlandsøy, Fredag 7. august 2026 kl. 18:00
KONSERT MED EVA WEEL SKRAM| SUPPORT: EVEN| 07.08.2026,  POTETFESTIVALEN 2026
🎵 Konserter

Om

Eva Weel Skram kjem til Kvalsvika! Det er med store smil og glede at vi kan annonsere at Eva Weel Skram kjem til Potetfestivalen i Kvalsvika fredag 07.august 2026! Etter fjorårets suksess med musik...

Eva Weel Skram kjem til Kvalsvika! Det er med store smil og glede at vi kan annonsere at Eva Weel Skram kjem til Potetfestivalen i Kvalsvika fredag 07.august 2026! Etter fjorårets suksess med musikk frå det gamle trivselsfylket, er vi heilt sikre på at ein heilaftan med sogningen Eva kjem til å bli heilt magisk.

I 2024 slapp ho sitt nyaste album Vendepunkt, til fine anmeldelser, og tittelsporet låg spikra på spelelistene til NRK P1 i månadsvis.

Som soloartist har ho sluppe 3 nydelege album som vi gledar oss stort til å høyre songar i frå.

Med låtar som «Om du vil», «Selmas sang», «La meg være», og «Vendepunkt», er Eva Weel Skram utan tvil ein av dei mest folkekjære artistane vi har her til lands.

Alle dei norskspråklege albuma hennar har hausta strålande kritikkar, og blitt omtala som både «brutalt ærlege» og «musikalsk modne».

Skram sitt varemerke er fengjande melodiar med sterke norske tekster om tema som ligg hjarte hennar nært, som har vist seg å vere både trøystande og inspirerande for hennar stadig vaksande publikum.

Om du skulle vere i tvil om kva du skal gjere ein ikkje så altfor sein fredagskveld i august, når Eva kjem vest over fjella med alle instrument ho eig i ein bil, så du kan danse som ein virvelvind og høyre på mjuk gitar.

Så veit du det no! Knallbra musikk, latter og kanskje ein skvett tårar eller to i vakre omgivnadar i Kvalsvika – det blir ikkje betre! For å sitere Eva sin låt Club 7: «Livet skjer når du minst venter det, om du berre tør å henge med»! Support: EVEN Eva kjem ikkje åleine! Til å varme opp for Eva, er vi så heldige å få lokale Even Sævik til å spele for oss! Under artistnamnet EVEN lagar han nydeleg pop på sunnmørsk! Betre kan det vel ikkje bli? EVEN er allereie ei stjerne, som veks seg større og større.

Arrangøren sin spådom er at det er berre eit spørsmål om tid før Even spelar på dei aller største scenene i Noreg, og kva er vel betre enn å få kunne oppleve han på ei lita intim scene i Kvalsvika? Kanskje kjem sjansen aldri igjen! Arrangør: Kvalsvik Gjerdegarden/Potetfestivalen Skjenkeløyve DØRENE OPNAR KL 18:00 MEIR PRAKTISK INFO KJEM!

Kart

Kvalsvika, Nerlandsøy

Arrangør

🏢

Kvalsvika, Nerlandsøy

Arrangement-ID:
🔔
Få beskjed om nye konserter
Vi gir deg beskjed når det skjer noe spennende der du bor.

Aktuelle alternativer

Utforsk mer