Julelegender:2026

Om
Julelegender:2026 -- i Valbergtårnet! Meir intim konsert skal ein leite lenge etter. Med 40 eksklusive seter per forestilling, inviterer Kjell Inge Torgersen deg til eit unikt lokale og ei sjeldan ...
Julelegender:2026 -- i Valbergtårnet! Meir intim konsert skal ein leite lenge etter.
Med 40 eksklusive seter per forestilling, inviterer Kjell Inge Torgersen deg til eit unikt lokale og ei sjeldan oppleving, mange etasjar over kvardagen.Heilt sidan 1658 har det stått eit sekskanta tårn på Valberget i Stavanger.
Steintårnet i dag blei opna i 1853, og er teikna av Christian H.
Grosch (som g deltok i teikninga av Det kongelege slott i Oslo).
Når du klatrer alle trinna til toppen, får du eit heilt spesielt utsyn -- med julelysa frå byen under deg og fuglar i augehøgd.Ver velkommen til ei skuldersenkande og annleis oppleving med ny legende og ny musikk .Gitarist og arrangør Aril Schøld er som alltid med og står saman med Kjell Inge om dei musikalske legendene.
Dei byr på tett samspel og fine arrangement av kjente og nye songar -- og eit samarbeid som strekkjer seg over 25 år.«Han er en fabelaktig god forteller; engasjerende, passe dramatisk, har god timing.
Fortellingen legger seg veldig godt i ørene.
Knallgodt framført!» Stavanger Aftenblad, terningkast 5, om "Julelegender - Den blå karfunkel""Befriende julestund med dristige tolkninger." - Kristin Aalen, Stavanger Aftenblad, terningkast 5."Kjell Inge Torgersen er ikkje berre ein sterk songar, han er g ein drivande god forteljar - og det er denne kombinasjonen som gjer dette konseptet til noko sjeldant." - Gerd-Helen Selle, Moster Amfi.… og konsertpublikum er nøgde– Tusen takk for både nydelig konsert, og rørende og humoristisk historiefortelling.– Hadde med meg to i Oslo som ble helt "frelst".
Det var en fantastisk motgift mot handlehysteri og stress.
Du er en veldig god og medrivende forteller!Dette seier nokre av publikum som kom og høyrte oss i Majorstuen kirkes kapell i Oslo.Vil du ha fysiske billettar?Frå september kan spesialtrykte billettar kjøpast i Noregs eldste spesialforretning for tobakksvarer: Havana Magasinet i Stavanger sentrum.
Du kan g ringe dei på telefon: 51 89 49 70.STAVANGER // SPELEPLAN(15 forestillingar i Valbergtårnet)14. desember kl. 18 (PREMIERE!)14. desember kl. 19.3014. desember kl. 2115. desember kl. 1815. desember kl. 19.3015. desember kl. 2116. desember kl. 1816. desember kl. 19.3016. desember kl. 2118. desember kl. 1818. desember kl. 19.3018. desember kl. 2119. desember kl. 1819. desember kl. 19.3019. desember kl. 21Valbergtårnet rommer 40 gjester per forestilling, og sørgjer for ein intimitet og eksklusivitet du ikkje får i store konsertsalar.Etabl. 2009!Sidan 2009 har Julelegender blitt spelt i særeigne rom i Stavanger -- og andre stader i landet.
Også musikkalbumet "Julelegender" (2011) kom ut av forestillingane i Bispekapellet og resulterte i opptreden på sjølvaste "Kvelden før kvelden" på NRK1, og i A-listing av låta "Stjernenatt" på NRK P1.Kjell Inge har mottatt Rogaland fylkeskommunes kulturstipend, Tekstforfatterfondets arbeidsstipend tre ganger og støtte fra Komponistenes vederlagsfond.--Julelegender er ein produksjon av The KIT as, i samarbeid med Grafo trykkeri.
Arrangør
Valbergtårnet
Overnatting i nærheten
Se ledige hoteller og Airbnbs i nærheten av Valbergtårnet