Konsert med Markus Lirhus i Vangen kyrkje, Aurland

Om
Markus Lirhus tek med seg gitaren til Vangen kyrkje i Aurland den 23. juli. Han spelar ei blanding av eigne låtar og fingerstyle-klassikarar på akustisk gitar. Markus er aktuell med debutalbumet “P...
Markus Lirhus tek med seg gitaren til Vangen kyrkje i Aurland den 23. juli.
Han spelar ei blanding av eigne låtar og fingerstyle-klassikarar på akustisk gitar.
Markus er aktuell med debutalbumet “Pickin' out my Future” , og denne kvelden får du høyra heile plata live.
I tillegg står låtar av Tommy Emmanuel, Chet Atkins, Tony Rice og Merle Travis på programmet, saman med innslag av folkemusikk.
Markus har nyleg kome heim frå eit halvt år i Nashville og spelar fleire konsertar rundt om i landet denne sommaren.Vangen kyrkje, også kalla Sognedomen, er ei steinkyrkje frå 1202 med fantastisk akustikk.
Konserten startar klokka 20:00, og billettar kjøper du her på Tikkio.
Det vil også vera mogleg å kjøpa fysiske plater denne kvelden.
Markus håpar at både aurlendingar og tilreisande er klare for ein kveld fylt med gitarmusikk og god stemning.Markus håpar å sjå deg der!