Hopp til innhold
Opprett GRATIS arrangørkonto
Enjoy! - Alt som skjer

Katastrofetimen med Anders Totland

Veveriet, Lørdag 14. november 2026 kl. 11:00
Katastrofetimen med Anders Totland
Ukategorisert

Om

Den populære forfattaren Anders Totland kjem til Gjesdal folkebibliotek på ein elles så vanleg laurdag.På ti år har Anders Totland gjeve ut meir enn 20 bøker for barn, ungdom og vaksne. No er han a...

Den populære forfattaren Anders Totland kjem til Gjesdal folkebibliotek på ein elles så vanleg laurdag.På ti år har Anders Totland gjeve ut meir enn 20 bøker for barn, ungdom og vaksne.

No er han aktuell med ein heilt ny bokserie for barn.

I Katastrofedagbøkene følgjer me ni år gamle Samson og bestevenen Alva, som har ein lei tendens til å hamna i trøbbel, både av det komiske og litt meir alvorlege slaget.Bøkene er morosame og spennande, og akkurat passe actionfylte, og har blitt samanlikna med Emil i Lønneberget (berre med meir detaljar og humor).

For å sitera skulebibliotekar Tonje Noréa Gauden: "For dei som likar forteljingar med heseblesande driv, men er litt lei detektivseriar, kan dette fort bli innertiar."Og best av alt? Det finst allereie fire bøker i serien, og dei treneste er venta i 2027.

Her kan dei yngste lesarane verkeleg fråtsa i artige historier.

Når Totland kjem på besøk, blir det høgtlesing og musikk, og ganske sikkert eit sprell eller to.Velkomne til biblioteket!Dette er ei framsyning som passar særleg godt for barn i alderen 5 - 9 år.

Veveriet

Rettedalen 4

Arrangør

🏢

Veveriet

Arrangement-ID:

Overnatting i nærheten

Se ledige hoteller og Airbnbs i nærheten av Veveriet

🔔
Få beskjed om nye ukategorisert
Vi gir deg beskjed når det skjer noe spennende der du bor.

Aktuelle alternativer

Utforsk mer