Hopp til innhold
Opprett GRATIS arrangørkonto
Enjoy! - Alt som skjer

kintsukuroi den knuste krukka (haustsuite)

Siste sjanse · 2 dager igjen
Volda kyrkje, Søndag 6. september 2026 kl. 17:00
kintsukuroi  den knuste krukka  (haustsuite)
🎉 Festivaler

Om

Haustsuiten representerer ein viktig milepæl i Åms kunstnarskap og oppsummerer på mange måtar hans kompositoriske stil og virke. Det er også eit svært nært og personleg verk. Sjølv skildrar Åm det ...

Haustsuiten representerer ein viktig milepæl i Åms kunstnarskap og oppsummerer på mange måtar hans kompositoriske stil og virke.

Det er også eit svært nært og personleg verk.

Sjølv skildrar Åm det som ei takk til kjærleiken – denne krafta som både kan knuse ein, men også lime ein i hop.Tittelen “Kintsukuroi - den knuste krukka” viser til den japanske kunstforma der ein set saman igjen ei knust krukke, men bruker forgylt lim.

Slik kan brestane og såra etter knusinga verte synlege og bli ein vesentleg del av den nye heilskapen.Hausten er den tida då naturen sjølv på ein måte knusest, går i oppløysing og samlar sine “potteskår” under stille snø.

Fuglane reiser.

Trea kler seg i sin finaste skrud til farvel og lar livskrafta renne ned i jorda.

Før frosten tek over og dei første snøflaka dalar, stryk ein mild vind forbi, eit minne om det som var og det som skal kome.Konserten er eit samarbeidsprosjekt mellom tonehimmel og Terjungensemble.

Prosjektet er støttet av Kulturrådet, Sparebanken Møre og Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.Dette er eit verk Åm og Terjungsensemble har arbeidt med over fleire år.

Det starta med pianoimprovisasjonar der Åm bearbeida erfaringar frå eige liv.

På bestilling frå ensemble og med støtte frå Det norske komponistfond har Åm komponert verket for strykeorkester.

Det har blitt 9 satsar og varer totalt i ca. 75 minutt.Terjungsensemble vart etablert i 2019 som eit prosjektbasert kammerorkester.

Ensemblet er høgt verdsett i norsk musikkliv som eitt av dei leiande, uavhengige ensembla.

Dei har etablert seg med ein tydeleg samtidsprofil og ei klar målsetting om jamnleg å bestille nye verk for kammerorkester.

Fleire av desse bestillingsverka har fått nominasjonar og prisar.Ensemblet har samarbeidt med Åm over lang tid, med mange ulike verk.

På Sunnmøre er operaen Kimen kanskje det mest kjende samarbeidet.

Ensemblet har jobba med Haustsuiten over fleire år og urframført einskildsatsane på ulike konsertar.

Hausten 2026 satsar dei stort på å turnere med heile verket, som ein del av markeringa av Åms komande 75 årsjubileum.TERJUNGENSEMBLE,Lars-Erik ter Jung, dirigentMusikarar:Inga Mathilde Gorset, fiolinGrace Rosier, fiolinIain Gibbs-Bergset, fiolinMarit Egenes, fiolinEmil Huckle-Kleve, fiolinMari Okshovd, fiolinAnders Rensvik, bratsjInger Thommesen, bratsjIngvild Nesdal Sandnes, celloUlrikke Henninen, celloMathias Sunde Valseth, kontrabassTerjungensemble er i 2026 støtta av Norsk kulturråd, Norsk Komponistforening, Fond for utøvende kunstnere, Fond for lyd og bilde, Furestiftelsen, Oslo Kommune og stiftelsen Ludimus.

Kart

Volda kyrkje

Arrangør

🏢

Volda kyrkje

Arrangement-ID:
🔔
Få beskjed om nye festivaler
Vi gir deg beskjed når det skjer noe spennende der du bor.

Aktuelle alternativer

Utforsk mer