Hopp til innhold
Opprett GRATIS arrangørkonto
Enjoy! - Alt som skjer

Side Brok

Byscenen, TrondheimTorsdag 29. oktober 2026 kl. 21:00
Side Brok
Ukategorisert

Om

Det er 26 år sidan Side Brok vart danna. No feirar dei eittårsjubileet til albumet All verda med å leggje ut på ein aldri så liten turné.Sidan i fjor har singelen Esso rokke å bli ein moderne klass...

Det er 26 år sidan Side Brok vart danna.
No feirar dei eittårsjubileet til albumet All verda med å leggje ut på ein aldri så liten turné.Sidan i fjor har singelen Esso rokke å bli ein moderne klassikar i Side Brok-universet, og bandet har spelt utselde konsertar i Oslo, Bergen og Ålesund – mellom anna.Rett etter at dei sleppte singelen Kjærleik er kjærleik i juni, stod dei på scena framfor eit mildt sagt ekstatisk publikum på Bergenfest. Bygdalarm og Balestrand Badeklubb var naturlege stopp på vegen, før festivalsommaren fekk eit verdig punktum på sjølvaste Jugendfest.No er bandet klare for ein ny runde, og rabalderet startar i Propellhallen i Volda 17. oktober. Deretter står Byscenen i Trondheim for tur 29. oktober, før Side Brok tek over Sentrum Scene i Oslo 20. november. Turneen får sitt høvelege punktum på USF Verftet i Bergen 28. november.Kort bakgrunn
Side Brok vart danna i 2000 og gav ut debuten Side Brok EP i 2002. I 2004 kom albumet Høge brelle, Årets Urørt, by:Larm-kaos og Spellemann-nominasjon. Sidan har
dei halde det gåande med album, EP-ar, mixtapes og periodar med intens turnéverksemd. All verda er album nummer fem frå Side Brok-leiren og kom òg på LP.

Kart

Byscenen

Kongens gate 19, 7012 TRONDHEIM

Omtrentlig beliggenhet

Arrangør

🏢

Byscenen

Arrangement-ID:
🔔
Få beskjed om nye ukategorisert i Trondheim
Vi gir deg beskjed når det skjer noe spennende der du bor.

Aktuelle alternativer

Utforsk mer