Hopp til innhold
Opprett GRATIS arrangørkonto
Enjoy! - Alt som skjer

Kvernberg/Bjørdal og Øyraspel på Gamlegymnaset i Volda - dans & konsert

Ny
Kvernberg/Bjørdal og Øyraspel på Gamlegymnaset i Volda - dans & konsert
🎉 Festivaler

Om

KONSERT OG DANS med KVERNBERG/BJØRDAL og ØYRASPELDørene opnar 17.30Dansespel frå Øyraspel 18-18.45KaffipauseKonsert med Kvernberg/Bjørdal ca 19.15Velkomne!Smakebit frå Kvernberg/Bjørdals repertoar ...

KONSERT OG DANS med KVERNBERG/BJØRDAL og ØYRASPELDørene opnar 17.30Dansespel frå Øyraspel 18-18.45KaffipauseKonsert med Kvernberg/Bjørdal ca 19.15Velkomne!Smakebit frå Kvernberg/Bjørdals repertoar (YouTube)Jorun Marie Kvernberg og Kristina Farstad Bjørdal har dei siste åra utvikla eit tett og spanande duosamarbeid, der folkemusikk og kunstmusikk møtest på ein måte som kjennest både sjølvsagt og overraskande.

I samspel og arrangement spelar dei på kvarandre sine sterke sider: det rytmiske drivet, dei små nyansane og den munnlege tradisjonen frå folkemusikken, og det klanglege, dynamiske og virtuose frå kunstmusikken.Jorun Marie Kvernberg er ein av dei mest markante folkemusikarane i landet, kjend både som felespelar, hardingfelespelar, songar og komponist.

Ho har ei heilt eiga formidlingsevne og eit uttrykk som rommar både det rå, vare og det finurlege.

Som komponist har ho markert seg sterkt både innan folkemusikk og kunstmusikk, og har motteke fleire prisar og bestillingar.Kristina Farstad Bjørdal er ein særs allsidig akkordeonist og trekkspelar, med bakgrunn frå både folkemusikk, improvisasjon, samtidsmusikk og klassisk musikk.

Ho har ei sjeldan evne til å finne balansen mellom det kraftfulle og det lyttande, og tilfører samspelet både presisjon, varme og stor musikalsk energi.

Bjørdal er òg ein viktig tradisjonsberar innan folkemusikken på trekkspel, og vart i 2021 tildelt Bolstadprisen for arbeidet sitt.Øyraspel er Jorun Marie Kvernberg sitt undervningstilbod for vaksne og ungdom i Volda kulturskule.

Omlag annakvar veke møtast dei for å folkemusikk, ofte med lokal tilknyting.

Kart

Gamlegymnaset i Volda

Arrangør

🏢

Gamlegymnaset i Volda

Arrangement-ID:
🔔
Få beskjed om nye festivaler
Vi gir deg beskjed når det skjer noe spennende der du bor.

Aktuelle alternativer

Utforsk mer

2 tidspunkt tilgjengelig