Glimt frå bygningshistoria på Skrivargarden

Om
Kenneth Bratland (f. 1977) er historikar og arbeider som seniorrådgjevar ved Nasjonalarkivet i Bergen (tidlegare Statsarkivet i Bergen): “Skrivargarden på Hesthamar har ein lang og spanande histori...
Kenneth Bratland (f. 1977) er historikar og arbeider som seniorrådgjevar ved Nasjonalarkivet i Bergen (tidlegare Statsarkivet i Bergen): “Skrivargarden på Hesthamar har ein lang og spanande historie.
I dag står det gamle huset som eit prakteksemplar.
Men slik har det ikkje alltid vore.
For å forstå garden si historie er det viktig å sjå på kjeldene til bygningshistoria.
Eg vil i dette foredraget sjå på eldre kjelder til bygningshistorie og tar utgangspunkt i to døme.
Eitt døme er at husa på Hesthamar var i forfall tidleg på 1700-talet.
Det manglande vedlikehaldet enda i 1720-åra som ei rettssak mellom sorenskrivar Jens Fabricius og folket i Hardanger.
Saka kom opp til Bergen Lagting (forløparen til Gulating) i 1729.
Eitt anna døme er branntakstane (forsikring).
I 1850-åra vart det halde to branntakstar over husa på Hesthamar.” Programmet startar kl. 17.00.
Dørene vert opna kl. 16.00.
Det er open kafé.