Hopp til innhold
Opprett GRATIS arrangørkonto
Enjoy! - Alt som skjer

Jazzcafe VEGARD HOLUM SINGS - ein hyllest til Chet

Kråen Gard, Lørdag 17. oktober 2026 kl. 18:00
Jazzcafe VEGARD HOLUM SINGS - ein hyllest til Chet
🎵 Konserter

Om

17 oktober inviterer vi til jazzcafe på Kråen Gard VEGARD HOLUM SINGS - ein hyllest til Chet Oppvaksen i ein musikkfamilie omgitt av kor og song vart Vegard Holum tidlig opptatt av melodien. Korlei...

17 oktober inviterer vi til jazzcafe på Kråen Gard VEGARD HOLUM SINGS - ein hyllest til Chet Oppvaksen i ein musikkfamilie omgitt av kor og song vart Vegard Holum tidlig opptatt av melodien.

Korleis den heilt på egenhand kan skape spenning og brått bli kraftfull eller mjuk i møte med andre musikalske elementer.

Som aspirerende jazztrompetist retta han fort merksemda mot sjølve nestoren innen melodisk trompetspel, Chet Baker.

Hans uanstrengte og horisantale melodiføring over hyppige akkordskifter var djupt fascinerande.

Ingen behov for å imponere eller flashe sin trompetbriljans.

Han berre var musikken.

Vegard Holum - trompet og vokal Norvald Dahl - piano Lars Martin Vik - bass Børre Dalhaug - trommer No ønsker Holum å dykke ned i Baker sitt musikalske univers.

Han har plukka ut sine favoritter frå katalogen og tar på seg rollen som både trompetist, vokalist og bandleder.

For å tolke musikken har han fått med seg eit stjernelag av lokale musikere og saman vil dei hylle «The Prince of Cool».

Dørene opnar kl 18:00 musikarane går på scena ca kl 19:30 Denne kvelden byr vi på et perfekt måltid som passar inn i stemninga.

Eit rikholdig fat av nøye utvalgte ostar og spekeskinke med tilbehør.

Med råvarer levert av gode norske lokalmatprodusentar.

Må bestillast på førehand.

Hjerteleg velkomne til gards! Med beste helsing Terje & Veronika Kråen Gard

Kart

Kråen Gard

Arrangør

🏢

Kråen Gard

Arrangement-ID:
🔔
Få beskjed om nye konserter
Vi gir deg beskjed når det skjer noe spennende der du bor.

Aktuelle alternativer

Utforsk mer