Hopp til innhold
Opprett GRATIS arrangørkonto
Enjoy! - Alt som skjer

Sunnmøre Baarelag Kjekke Kara' 40-års jubileum

Stødt Bar & Scene, Lørdag 24. oktober 2026 kl. 20:00
Sunnmøre Baarelag Kjekke Kara' 40-års jubileum
🎭 Scene og show

Om

"Kjekke kara’ i 40-år!I 1986 gav Sunnmøre Baarelag ut ei samling med låtar som skulle bli grunnlaget for inspirasjon for mange musikarar frå distriktet vårt. Vi snakkar sjølvsagt om plata «Kjekke k...

"Kjekke kara’ i 40-år!I 1986 gav Sunnmøre Baarelag ut ei samling med låtar som skulle bli grunnlaget for inspirasjon for mange musikarar frå distriktet vårt.
Vi snakkar sjølvsagt om plata «Kjekke kara’». Og denne plata vart noko av det som gjer at dette bandet har halde det gåande i alle desse åra.
Dette må feirast! Sunnmøre Baarelag har difor gleda av å invitere til 40-års jubileum, for plata og alle kjekke kara’ og jenter som har fylgt oss denne tida. Alt frå besteforeldre, foreldre og unge som stadig syng så det ljomar på konsertane som Baarelaget held.
Vi er litt usikre på om produsent Åge Aleksandersen kjem denne kvelden, men vi kan garantere at Runar Gudnason (Side Brok), saman med bandet, vil ta oss igjennom historia og det som utspelte seg på desse vekene i Nidaros Studio i 1985!
Bandet vil også spele seg igjennom alle songane, i rett rekkefylgje og på det viset som kjenneteiknar Baarelaget i dag.
«Litt» eldre, men betre enn nokon gong!
Alle er velkomne til Stødt denne kvelden!

Arrangør

🏢

Stødt Bar & Scene

Arrangement-ID:

Overnatting i nærheten

Se ledige hoteller og Airbnbs i nærheten av Stødt Bar & Scene

🔔
Få beskjed om nye scene og show
Vi gir deg beskjed når det skjer noe spennende der du bor.

Aktuelle alternativer

Utforsk mer