Hopp til innhold
Opprett GRATIS arrangørkonto
Enjoy! - Alt som skjer

Superhappy

Nynorskhuset, Teatersalen, FørdeTorsdag 10. september 2026 kl. 19:00
Superhappy
Ukategorisert

Om

Teaterframsyninga Hvordan bli superhappy på 50 minutter starta som ein satirisk leik med sjølvhjelpsbøker, men vart til ein monolog som går rett i mellomgolvet. Når livet raknar – og forventninga o...

Teaterframsyninga Hvordan bli superhappy på 50 minutter starta som ein satirisk leik med sjølvhjelpsbøker, men vart til ein monolog som går rett i mellomgolvet.

Når livet raknar – og forventninga om å «halde seg positiv» står att som eit dårleg vitne – oppstår eit møte mellom humor, sorg og den klønete, vakre menneskelegheita vi helst ikkje viser offentleg.

I 2016 mista skodespelar Ingvild Lien eksmannen sin i sjølvmord.

Framsyninga spring ut av denne personlege tragedien for Lien; med si eiga sorg, to barn i krise og eit spedbarn på armen.

Framsyninga undersøker kva som skjer når vi jagar lykka så hardt at vi mistar oss sjølve, og korleis latter somme tider er det einaste vi har igjen å gripe tak i.Sidan premiera har monologen blitt spelt på scener i Noreg og internasjonalt, og publikum har både ledd høgt og svelgt tungt.

Med komisk timing, ei botnlaus ærlegheit og eit uventa kroppsspråk blir ideen om at lykka er ein individuell prestasjon avkledd, og spørsmålet som blir hengande er enkelt: Kven tek vare på dei som ikkje klarer å vere «superhappy»?Skodespelar Ingvild Lien – aktuell med teaterframsyninga Hald Ut og TV-serien Flukten fra Bolivia på TV 2 no i desember 2025 – står åleine på scena med ein intensitet som både rører og frigjer.

Ho bruker humor som overlevingsmekanisme, og publikum får òg le når det gjer vondt, og nettopp derfor treffer framsyninga så sterkt.Ei framsyning som minner oss om at lykke kanskje ikkje er eit mål, men eit pusterom vi finn i kvarandre når livet kokar over.

Kart

Nynorskhuset, Teatersalen

Storehagen 10, 6800 FØRDE

Omtrentlig beliggenhet

Arrangør

🏢

Nynorskhuset, Teatersalen

Arrangement-ID:
🔔
Få beskjed om nye ukategorisert i Førde
Vi gir deg beskjed når det skjer noe spennende der du bor.

Aktuelle alternativer

Utforsk mer