Hopp til innhold
Opprett GRATIS arrangørkonto
Enjoy! - Alt som skjer

Vi er brødrene Eikemo

Det Vestnorske Teateret, Hovudscenen, BergenFredag 4. september 2026 kl. 19:00
Vi er brødrene Eikemo
Ukategorisert

Om

Vi er brødrene Eikemo Marit Eikemo sin bestseljar blir teater!Ei vestnorsk historie om familie, arbeid og samhald Det er lys i vindauget i Berjaflotvegen 9 i Odda, huset der dei fem brødrene Eikemo...

Vi er brødrene Eikemo
Marit Eikemo sin bestseljar blir teater!Ei vestnorsk historie om familie, arbeid og samhald
Det er lys i vindauget i Berjaflotvegen 9 i Odda, huset der dei fem brødrene Eikemo vaks opp. Marit Eikemo kjem heim for å rydde. Huset skal seljast. Men korleis ryddar ein i eit heilt liv? Og kva gjer ein med alle historiene, alle tinga, alle minna? Kven bestemmer kva som er verdt å ta vare på?Energisk familiekrønike
Vi er brødrene Eikemo er ei energisk framsyning om fem brør, ein familie, arbeid, oppvekst og eit land i endring. Med dei fem eksentriske brørne som omdreiingspunkt, følgjer vi Odda frå etterkrigstid og industri, via sjølvbyggarånd og oppfinnartrang, til dagens glitrande bygdemytologi - og Lothepus si stavkyrkje.Her finst historier om bilar bygde utan teikningar, eigenkonstruerte båtar på ti tonn, ei improvisert “køyreopplæring” der læraren klatrar opp på biltaket i fart (!) – og bak alt: Skuggen frå faren deira, som døydde brått og etterlét fem barn mellom fire og fjorten år.Her møter du ekte vestlandsgalskap og eit hjarte som bankar for familien, for arbeidet – og for Odda.Tre kvinner
Tre kvinnelege skodespelarar speler eit heilt nabolag fullt av karakterar: Brør, koner, ungar, onklar og vennar.
Med varme og humor fortel dei historia om dei som bygde landet – og om oss som arva draumane deira.Bak latteren og dei gode forteljingane ligg spørsmålet vi alle kjenner: Kva er verdt å ta vare på – og kva må vi sleppe tak i?Om romanen
Marit Eikemo sin roman Vi er brødrene Eikemo kom ut i 2024, og fekk terningkast 6 i VG og vart omtalt som«Ei lita bok, men eit storslått lerret av ei forteljing frå Norges industristadshistorie.»Urpremiere
No får romanen nytt liv på scenen – dramatisert for teater av teatersjef Thomas Bye. Ei forteljing om alt det som går tapt – og alt det som held oss saman. Urpremieren finn stad: Torsdag 3. september kl. 19:00 på Det Vestnorske Teateret.Kunstnarleg lag
Av Marit Eikemo
Dramatisert av Thomas Bye.Med: 3 kvinner – namna kjem seinare!
Produksjon: Det Vestnorske TeateretEi framsyning full av latter, liv og kjensler – sikre deg plass med Scenepass 365.

Kart

Det Vestnorske Teateret, Hovudscenen

Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 BERGEN

Omtrentlig beliggenhet

Arrangør

🏢

Det Vestnorske Teateret, Hovudscenen

Arrangement-ID:
🔔
Få beskjed om nye ukategorisert i Bergen
Vi gir deg beskjed når det skjer noe spennende der du bor.

Aktuelle alternativer

Utforsk mer