Arbeidsvisning: Oda - ei litterær førestilling
Ny
Om
Foto: Eirik HavenesArbeidsvisning: ODA - ei litterær førestilling av Kristine BrusdalSted: Litteraturbåten Epos, USF VerftetVarighet: 1 timeTekst og iscenesetjing: Kristine BrusdalSkodespelar: Kine...
Foto: Eirik HavenesArbeidsvisning: ODA - ei litterær førestilling av Kristine BrusdalSted: Litteraturbåten Epos, USF VerftetVarighet: 1 timeTekst og iscenesetjing: Kristine BrusdalSkodespelar: Kine EliassenMusikk og komposisjon: Johan LindvallPå ei ferjestrekning ein stad på Vestlandet, sit ei kvinne på veg bort.
Kvar ho skal veit ho ikkje, berre bort, bort frå Henrik og huset hans og bort frå dei to borna hans.
Og har borna i det heile lagt merke til at ho drog, tenker ho, har dei i det heile spurt etter henne?Oda er i byrjinga av tredveåra, og har mange byrjingar bak seg.
Ho lengtar etter tilhøyre og stabilitet, og når ho forelskar seg i Henrik, tek det ikkje lang tid før ho flytter inn til han.
I byrjinga kjennest det som ei lette å starte på ny, men etter kvart ser Oda dei nye omgjevnadane sine med nye augo.“Oda” er ein monolog under arbeid av Kristine Brusdal.
Den vert framført av skodespelar Kine Eliassen og musikar Johan Lindvall.
Etter visninga vert det ettersnakk med dramatikar Kristine Brusdal.Prøveførestillinga er fyrste visning for prosjektet, som vart til etter ei utlysing frå Regionalt nettverk for litteraturarrangørar på Vestlandet.
Nettverket søkte nye litterære prosjekt for scena.
I 2027 legg “Oda” ut på vestlandsturné med Litteraturbåten Epos.Regionalt nettverk for litteraturarrangørar på Vestlandet består av Litteraturbåten Epos, Jakob Sande-senteret i Fjaler, Kunstproduksjonshuset PreForm, Rom for ord, Den norske bokbyen i Fjærland, Sentralbadet Litteraturhus og Litteratursymposiet i Odda, Fosse-stiftinga i Strandebarm, Litteraturhuset i Stavanger, Forfattersentrum Vestlandet og Tekstallianse.Prosjektet er støtta av Kulturrådet og Vestland fylkeskommune
Arrangør
Litteraturbåten Epos
Overnatting i nærheten
Se ledige hoteller og Airbnbs i nærheten av Litteraturbåten Epos