Hopp til innhold
Opprett GRATIS arrangørkonto
Enjoy! - Alt som skjer

Countrykveld på Dombås Hotell / Martine Haugen

Dombås Hotell, Lørdag 3. oktober 2026 kl. 19:30
Countrykveld på Dombås Hotell / Martine Haugen
Ukategorisert

Om

Martine Haugen tek med seg bandet sitt, The Broken Hearts, når ho skal feire sleppet av sitt debutalbum på heimebane. Dette blir ein kveld for dei som saknar god gamaldags dans på lokalet, dei som ...

Martine Haugen tek med seg bandet sitt, The Broken Hearts, når ho skal feire sleppet av sitt debutalbum på heimebane.

Dette blir ein kveld for dei som saknar god gamaldags dans på lokalet, dei som elskar countrymusikk, dei som er nysgjerrige på countrymusikk, dei som ynskjer å lære og danse til levande musikk, dei som vil sitte stille og lytte - med andre ord; her er det noko for kvar ein smak.Martine Haugen og The Broken Hearts spel i gjennom heile debutalbumet "Hardships and Hope", som blir tilgjengeleg der du høyrer musikk den 4. september, før dei blar opp katalogen og spel gode gamle countryklassikarar utover kvelden.

Du har kanskje høyrt om Dolly Parton? George Jones? Dwight Yoakam? Emmylou Harris? Randy Travis? Willie Nelson? Har du ikkje det har du moglegheit til å høyre låtane deira bli spela av nokre av dei meste rutinerte countrymusikarane i Norge.The Broken Hearts består av Tore Blestrud, Ivar Brynildsen, Daniel Gullien og Bjørn Haglund (A11/Country Heroes).Aldersgrense: 20 år.

Billett: kr. 270,- (inkl. avgift).Dørene opnar kl. 19:30.

Musikk frå kl. 20:30.

Arrangementet varar til rundt midnatt.

Baren er open!Billetter kjøpast på førehand eller gjennom Tikkio i døra.Velkome til både dovringar og uttabygds - dette blir ein kveld du ikkje vil gå glipp av!

Kart

Dombås Hotell

Arrangør

🏢

Dombås Hotell

Arrangement-ID:
🔔
Få beskjed om nye ukategorisert
Vi gir deg beskjed når det skjer noe spennende der du bor.

Aktuelle alternativer

Utforsk mer