Hopp til innhold
Opprett GRATIS arrangørkonto
Enjoy! - Alt som skjer

Gatelangsturne med Petter "Uteligger" Nyquist

Allhuset Eikefjord, Mandag 28. september 2026 kl. 19:30
Gatelangsturne med Petter "Uteligger" Nyquist
Ukategorisert

Om

Petter tar utgangspunkt i over ti år tett på menneske i krevjande livssituasjonar og kva desse møta gjer med oss som menneske.Petter Nyquist er ein eldsjel som brenn for å gjere ein skilnad og skap...

Petter tar utgangspunkt i over ti år tett på menneske i krevjande livssituasjonar og kva desse møta gjer med oss som menneske.Petter Nyquist er ein eldsjel som brenn for å gjere ein skilnad og skape eit litt varmare samfunn.

Det som starta med eit tilfeldig prosjekt, der han levde på gata i Oslo i 52 dagar for å prøve å forstå menneska der, utvikla seg til å bli ein livsstil og ein drivkraft.

Gjennom sterke, ærlege og underhaldande historier gir han publikum eit unikt innblikk i liva til menneske mange kanskje overser, og i kva som faktisk skjer når vi vel å møte kvarandre med openheit og respekt.Bodskapen er enkel, men kraftfull: Måten vi møter andre på, kan utgjere ein skilnad.

Ein relasjon.

Ein dag – kanskje eit liv? Foredraget utfordrar publikum til refleksjon.

Korleis møter vi menneska rundt oss? Korleis skaper vi tillit, og kva spor etterlet vi hos andre?Eksklusiv turné i Nord- og Sunnfjord – hausten 2026I ein særs tettpakka kalender med TV-produksjonar og ulike prosjekt er det lite rom for å halde desse føredraga.

Likevel ønskjer Petter, saman med Torbjørn Gran, å prioritere ei veke til å spreie bodskapen i nærmiljøet til Gatelangs.Støtta frå folket til visjonen Gatelangs har om å skape gode opplevingar i kvardagen for rusavhengige og menneske i krevjande livssituasjonar, har vist eit utruleg lokalt engasjement i denne regionen.

Det er heilt tydeleg at dette er noko som engasjerer folk flest, og at dei som har kapasitet og ressursar i seg sjølve, ønskjer å hjelpe dersom dei berre får moglegheita og ser kvar behovet er størst.

Kart

Allhuset Eikefjord

Arrangør

🏢

Allhuset Eikefjord

Arrangement-ID:
🔔
Få beskjed om nye ukategorisert
Vi gir deg beskjed når det skjer noe spennende der du bor.

Aktuelle alternativer

Utforsk mer