Aktuelle alternativer
Detaljer
Norges feitaste rocke-duo og deilig vestkyst-rock til Gymmen!
Den eksplosive Oslo-duoen, Aiming for Enrike, skapar eit spennande og eige univers med deira nyskapande og inntrykksfulle musikk. Med eit trommesett, ei rekke samankopla gitarforsterkarar og ein serie loop- og effektpedalar, har dei dei siste åra turnert over heile verda med sine frenetiske, ville og engasjerande live-shows. Duoen ønsker å nå utover scenekanten og inn til publikum med sine hypnotiserande rytmar og gigantiske lydbilde spelt med rockeinstrument. Med eit slikt massivt uttrykk kan det være vanskeleg å forstå at Aiming for Enrike kunn består av to personar; Éin gitar, spelt av Simen Følstad Nilsen, og eit trommesett, utført av Tobias Ørnes Andersen. Dei har bevist gong på gong at det berre trengst to unge musikarar med ein sterk felles vilje for å skape ein ny, original lyd. Ved å fryktlaust slenge seg inn i eit sjangerforvirrande landskap og samtidig stole blindt på eigen intuisjon, lagar dei ein form for musikk som får blodet til å bruse. Nøkkelen ligger i duoens infernalske driv, deira nesten idiotisk symbiotiske samspel, deira svimlande tekniske eigenskapar og ikkje minst deira breie musikalske palett. Ikkje gå glipp av sjansen til å oppleve dette fenomenet live på intim scene i Gymmen 21. september!
Rockebandet DÛN har base på Noregs forblåste og vakre vestkyst, og slapp i 2023 EP på det uavhengige plateselskapet Darkness Inkasso. Denne utgivelsen er miksa og produsert av Bjarte Rolland frå Kvelertak og mastra av Ruben Willem. Det høyrest crisp, høylytt og tilfredsstillande upolert ut. Høsten 2024 slepp dei ny musikk, men fyrst åpnar dei ballet på Gymmen før Aming for Enrike. Kom tidleg!