star
star
star
star
star

Jakta (1588 moh)

Først og fremst vil eg seie at turen er dårlig merka frå 800 moh. På den høgda er det også slutt på mobildekninga fram mot toppen, så lagre alt av kart og informasjon på telefonen før du går. God...
Foto: Per Tore Molvær

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 836415
Adkomst fra Ålesund ved å kjøre til Magerholm-Aursnes fergesambandet, gjennom Sykkylven mot Stranda og deretter videre mot Hellesylt. Ta av til høgre mot Norangsdal rett før Hellesylt sentrum. Følg veien mot Øye hotell, forbi parkeringa til Slogen, ta avkjøringa til venstre (mellom to hus) og kjør videre rett fram. Skiltet mot Jakta står på venstre side ved enden av asfalten, og du kan kjøre 50 meter til på traktorsti før parkering. Ta til høgre etter den lille brua og parker rett etter. Dersom det er fullt, kan du kjøre tilbake til parkering for Slogen og stå der. Ein kan og kjøre via Sula-Festøy og ta fergesambandet Leknes-Standal, men då må ein ta to ferger og spare berre fire minutt.
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Eldre, Voksne, Barn
Varighet
5 timer
Lengde
5.1 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Først og fremst vil eg seie at turen er dårlig merka frå 800 moh. På den høgda er det også slutt på mobildekninga fram mot toppen, så lagre alt av kart og informasjon på telefonen før du går. God tilgang på drikkevatn opp til 1100 moh.

Turen startar frå parkeringa på 43 moh og går dei første 100 metera på traktorstien langs elva, deretter ei 30 meter steinur langs elva før du ser ein påle. Ta til venstre og du ser eit nytt svart skilt mot Jakta. Her er stien godt brukt og tydelig. Merk at dersom det er vått i terrenget kan mykje av torvtustane på steinane gli ut. På 350 moh kjem du til ei elvekryssing med ein festa kjetting for assistanse. Det kan vere vanskeleg å komme seg tørrskodd over så ein bør vurdere å ta av skoa for å unngå å bli våt så tidlig på turen. Videre oppover er det få hindringar og fleire stader kan ein kikke over kanten ned mot elva og skue ned i juvet. På vel 770 moh delar stien seg i to, ein svakt ned mot elva og ein rett fram. Desse går saman igjen lenger oppe.

800 moh kjem du til den tydelige stiens ende. Her ligg ei stor steinur gravd fram av breen frå tidligare tider, og kan for mange vere ein fin plass å ta ein kvil/campe og fylle vannflaskene. Dette er også eit av partia der det er vanskeleg å finne stien. Mobildekninga sluttar også her. Herfra kan ein ta to ruter, men eg beskriv den brattaste då det var den eg gjekk.

Turen fortsett slakt opp 200 høgdemeter rett fram innover i dalen, på samme side av elva du kom opp (høgre). Du kan sjå små vardar i ura dersom du har falkeblikk.

På cirka 1000 høgdemeter dreiar du til høgre og skal sjå både svaberg, ein litt større varde og ein sti oppover sida mot Jakta. Her vekslar det igjen mellom grastustar, berg og lenger oppe steinur, men sti som er god å sjå. Terrenget er ganske bratt, og ein må passe seg for å ikkje trå feil. Ver òg sikker på at du har fotfeste på grastustane før du legg vekta på foten. Når du kjem opp over kanten er du på rein steinur og igjen på umerka sti. Her må ein prøve å halde seg midt på ryggen og følge små vardar og opprøyste langsteinar mot toppen. Når du ser varden må du passe på å ikkje gå for langt til venstre utpå kanten, der går fjellet loddrett ned.

Toppen har ei framifrå utsikt over Hjørundfjorden, Skårasalen, Slogen og Store Smørskredtind! Hugs at tåka kjem fort så ikkje drøy for lenge på toppen. Dersom tåka skulle komme, er det noko mobildekning oppe ved varden (Chess/Telio).

Spesielt partiet ned igjen fra toppen kan vere vanskelig å finne, då det går fra steinur til sti igjen. Stien skal begynne på cirka 1310 moh. Her må ein vere årvåken og sjå etter stien på venstre side, samstundes som ein må passe på å ikkje gå for nærme kanten. Ein kan beregne litt over to timar ned igjen.