Vevlingen

Vevlingen er den austlegaste av Batalden øyane. Terrenget på Vevlingen er småkupert med myr, utmark og litt skog. Turen rundt øya kan gå frå Nyborg rett nordover myra og på høgre sida av...

Kilde: Nasjonal Turbase/UT.no

Praktisk info

Enjoy-kode: 807764
Det er rutebåt stopp på Nyborg. Kjem ein med eigen båt kan ein legge den ved kaia i Rudning, for nokre timar, på austsida av øya og det står Rudning på ei sjøbu.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn, Eldre
Varighet
3 timer
Lengde
7.3 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Sommer, Høst, Vinter

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Vevlingen er den austlegaste av Batalden øyane.

Terrenget på Vevlingen er småkupert med myr, utmark og litt skog. Turen rundt øya kan gå frå Nyborg rett nordover myra og på høgre sida av Bukkevatnet. Gå så litt rett fram og opp på haugen slik at du kjem ovanfor Vevlingsvatnet. Det er delvis merka og tydeleg sti. Her kan du ta til venstre og gå over bru til Russøya eller til Klovevågen, lengst nord på øya. Du kan også gå rett på Storehågen som er det høgaste punktet og vidare nordover til Klovvågen derifrå. På Storehågen er det rasteplass med leveggar, benk og turbokkasse.

Nord for Klovevågen ligg Hellersøya der har Florø Båtforening uthamn, men den er ikkje landfast med Vevlingen. Frå Storehågen går det sti rett aust på øya og ein kan gå tilbake via husa på Vevlingen til Rudning og Nyborg.