star
star
star
star
star

Opplev ei natt ved Stadhavet

Eit besøk på fyret er ikkje å forakte i desse lyse sommarkveldane. Og turen ut til Skongenes fyr startar ved Halsørsanden, 12 km. forbi Måløy sentrum, på Vågsøy, rett sør for Stadlandet. Ein fin...

Praktisk info

Enjoy-kode: 772763
Frå Måløy ta fylkesvei 617 til Raudeberg, vidare på fylkesvei 622 til Halsørsanden med parkering.
Type
Turer
Passer for
Barn, Eldre, Voksne
Varighet
120 timer
Lengde
4 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Eit besøk på fyret er ikkje å forakte i desse lyse sommarkveldane. Og turen ut til Skongenes fyr startar ved Halsørsanden, 12 km. forbi Måløy sentrum, på Vågsøy, rett sør for Stadlandet. Ein fin tur på godt merkt sti frå parkeringsplassen, i litt ulent terreng og med ein time gåtid. Med gode sko blir turen ei vandring gjennom furuskog, kratt og einebusker, forbi Forklevatnet og over myra, der den storslagne utsikta møter deg.

Standen er frisk å oppleve i sterk vind og kuling. Og i solskin og sommarvêr, då sjøen freistar med eit forfriskande bad. Her kan du ta ei kvild og gjerne bli i nokre netter. Følgje med hurtigruta som passerer forbi tidlig om morgonen. Eller liggje over i Fyrmesterboligen og ta ein rykande fersk kopp morgonkaffi på tunet. Etterpå kan du rusle ned til sjøen og dra opp ein torsk eller sei til fiskesuppe. Eller du kan gå stien til Vedvik og ta deg eit forfriskande bad på nydeleg sandstrand. Og vêret er skiftande her ute ved Stad, og du kan oppleve milde, vakre kveldar i april og heite, gode sommardagar, innimellom stormkasta og høg sjø og regnbyer.

Så ta ein tur ut til havet med bølgjeskvulp og saltsjøvind. Ut ved havet ser du Skongenes fyr, som ligg i variert terreng med lun og triveleg hage. Rik blomeflora og bærbuskar prydar tunet. Ja, kven kunne trudd det var så frodig å grønt her ute på fyrstasjonen, med havet som næraste nabo? Ein kilometer langs svaberga søraust for Skongeneset ligger Skongsneshellaren, der det vert fortalt om busetjing for 2400 år sidan. Turen hit er enkel, når fjellet er tørt, med litt klyving, men når det regnar blir svaberga sleipe, og turen er farefull. Ved lågvatn er det også mogleg å gå til og frå fyret langs standa . Det er Ytre Nordfjord Turlag som leiger fyret hjå Kystverket og er til utleige for alle, som kan tenkje seg ein tur til storhavet og oppleve naturen eller stilla. Det er ulik prisar for turlagsmedlemmer og andre, og venelag og organisasjonar kan avtale pris.

Mat og drikke, lakenpose og private ting tar kvar med etter trong. Bustaden har 3 etasjar med stove, kjøken, toalett, bad og 4 soverom med 15 sengeplassar. Det er varmt og kaldt vatn i bustaden. Romma er utstyrt med det nødvendige, samt dyner og puter. Velkomen til fyret i Vågsøy!