star
star
star
star
star

Fanøya

Fanøya er eit levande lokalsamfunn som byr på mange kvalitetar. Her finn ein gamle sjøhus og sjarmerande lune vågar. Fanøyvatnet med ender og fugleliv, utsikt mot Kinnaklova i sør, fjellheimen i...

Praktisk info

Enjoy-kode: 762484
Med rutebåt Eigen båt til gjestebrygge
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn, Eldre
Varighet
30 minutter
Lengde
3.3 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Fanøya er eit levande lokalsamfunn som byr på mange kvalitetar. Her finn ein gamle sjøhus og sjarmerande lune vågar. Fanøyvatnet med ender og fugleliv, utsikt mot Kinnaklova i sør, fjellheimen i aust og sola som går ned i havet i vest. På Fanøya treng du hverken bil eller sykkel og ein spasertur langs dei smale vegane er ei oppleving i seg sjølv. Ved rutebåtkaia ligg Batalden Landhandel. Kjem du til Fanøya med eigen båt er det gjestebrygg i Søre Fanøyvåg.

På den nordvestlege delen av Fanøya er det fleire turstiar. Det heng kart med rutebeskriving på rutebåtkaia der turen kan starte. Gå til høgre og nordover til Kvernhusvågen. Her inst i vågen er det skilta med 'tursti' og du følgjer stien langs Fanøyvatnet. Det er bygd gangbruer der det er vått myrterreng. Stien går nordvestover gjennom eit skar og fortset rett nord til øyas nordligste topp, Vardehaugen 35 moh. Stien snor seg så sørover mot Kalvågen og vidare mot Ragnhildhaugen 50 moh. Her i frå kan du velge å gå opp på nordsida, bratt, eller fortsette på stien til venstre langs fjellet og så gå opp frå sør. Like før toppen, på sørsida, er det laga ein liten sitjeplass i ly for nordavinden. Gå tilbake til Kvernhusvågen på godt oppmerka sti austover i retning mot Storehaugen 55 moh. Her kan du følgje stien opp på toppen eller fortsette på hovudstien austover langs foten av fjellet og ned til vegen i Kvernhusvågen.

Fleire stadar er det små stiar som tek av frå hovudstien slik at ein kan gjere turen litt lengre eller få opp pulsen i litt brattare terreng. Det er også muleg å ta ein avstikkar, heilt ut på Bjergehamrane, ved å følgje sti ned frå Ragnhildhaugen rett vest. Forbi nordsida av Håkavatnet og opp og ut på dei yste berga. Her følgjer ein terrenget langs berghamrene. Det er herleg med storhavet rett imot!