Foredrag: Oddbjørn Lynghammar

Røldøl og lokalhistorikar Oddbjørn Lynghammar presenterer ny bok: «Fjellforteljingar»! I fjor gav Lynghamar ut boka «Fjellfolket». No kjem «Fjellfortellingar», den andre boka med historiar og...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

27.nov
2020
kl 20:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 728228
Type
Læring
Passer for
Eldre, Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

Røldøl og lokalhistorikar Oddbjørn Lynghammar presenterer ny bok: «Fjellforteljingar»!

I fjor gav Lynghamar ut boka «Fjellfolket». No kjem «Fjellfortellingar», den andre boka med historiar og bilete frå Røldal og områda rundt.

I denne boka skriv Oddbjørn Lynghamar meir om folket i bygda, om turismen i bygda, om vegane våre og om røldølingar som reiste til Amerika for å søkja lukka der. Boka inneheld tekstar om Svndalsflona, anleggstida i 1960-åra og neddemminga av Valldalen, og du kan lesa om alt frå revahus og butikkar til drap, naturfenomen og hotell. Heile boka er full av både historiske og nyare bilete.

Boka kjem ut i byrjinga på desember. Velkomen på ein snikkikk på Sentralbadet fredag 27. november kl. 20.00

Pris: 50,- Dørene og baren opnar kl. 20.00.

Hald avstand, og vask hendene ofte. Bordservering. Hald deg heime om du er i karantene eller er sjuk.

Kart