Frakt under havet // Åsane Kulturhus

Eddie Corbone er ein overbeskyttande far, noko som kjem til overflata då familiekjenningane Marco og Rodolpho kjem ulovleg til landet, og familien tar risikoen med å huse dei. Eddie nyt stor...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

21.nov
2020
kl 18:00

Detaljer

Eddie Corbone er ein overbeskyttande far, noko som kjem til overflata då familiekjenningane Marco og Rodolpho kjem ulovleg til landet, og familien tar risikoen med å huse dei. Eddie nyt stor respekt i nabolaget og på arbeidsplassen. Saman med kona Beatrice har han oppdratt niesa hennar, Catherine. Når Catherine og Rodolpho forelskar seg i kvarandre, kolliderer ulike kulturar, og det utløyser angst og hat. Situasjonen endar med drap.

Handlinga går for seg blant italienske hamnearbeidarar i New York på midten av 1900-talet. Den frie immigrasjonen til Amerika er stogga, men nauden i Italia driv likevel mange til å reise over havet for å bli smugla inn. Dei illegale immigrantane blei kalla ‘submarines’, undervassbåtar. Det er forklaringa på den norske tittelen på stykket, Frakt under havet.

Tittelen kan også ymte frampå om at flyktningar og migrantar har med seg noko meir enn det som reint fysisk blir lagt i reisekista. Dei har med seg ein heil kultur, og dei blir ofte ståande i spennet mellom å halde på eigne tradisjonar og å ta opp i seg nye. Stykket fortel noko viktig om det å vere ny i eit land. Vi lever i ei tid der millionar er på vandring, og der utnytting av billig arbeidskraft og misbruk av folk er så daglegdags at vi knapt reagerer på det.

Frakt under haveter ein av dei store, amerikanske klassikarane frå 1950-talet, skriven av Arthur Miller. Stykket er sett opp fleire gonger i Norge, både på teater og fjernsynsteater. På Teater Vestland blir dette ein storslegen produksjon med sju skodespelarar og to statistar på scena.

AV Arthur Miller ORIGINALTITTEL:A view from the bridge OMSETJING Ola E. Bø REGI Bentein Baardson SCENOGRAFI OG KOSTYMEDESIGN Siri Langdalen DRAMATURG Bodil Kvamme LYSDESIGN Krystian Myska

TRYGT TEATERBESØK

Teater Vestland følger myndigheitene sine forskrifter og retningslinjer for å skape eit sikkert miljø for publikum og tilsette. Når du besøker teateret ber vi deg om at du:

  • Held god avstand til andre besøkande
  • Følgjer retningslinjene for inn- og utgang
  • Er nøye med hand- og hostehygiene
  • Ikkje besøk teateret dersom du er har luftvegssymptom eller sit i karantene.

Praktisk info

Enjoy-kode: 705870
Type
Scene
Passer for
Eldre, Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker