star
star
star
star
star

Rundtur Flatraket - Alskartinden - Utsikten (Fv 618)

OBS! ​Stien ned til Utsikten stopper rett på kvitestripa på Fylkesveg 618 i ein sving med dårlig sikt, og desverre enkelte bilar med høg fart. Om du har med barn på turen bør du ikkje la dei...
Foto: Stig Ødegård

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 685325
Parker langs kommunal veg i byggefeltet på Flatraket. Om du går andre vegen er det gode parkeringsmuligheter på Utsikten eller grustak rett ved siden av.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
3 timer
Lengde
10.9 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

OBS! ​Stien ned til Utsikten stopper rett på kvitestripa på Fylkesveg 618 i ein sving med dårlig sikt, og desverre enkelte bilar med høg fart. Om du har med barn på turen bør du ikkje la dei springe aleine siste stykket ned hit.

Denne turen kryssar ruta til Synnevahornet ved Namneberget, og turen ned til utsikten kan brukast som alternativ rute for denne. Sjå link til denne turen her: https://www.ut.no/tur/2.19145/

Beskrivelse: Fra kommunal veg øverst i byggefeltet følger ein skogsvei opp Flatraksdalen til Torvhusa, her går ein over til sti. Stien går over ei lita trebru som krysser elva midt i Flatraksdalen og stien fortsetter oppover dalen på andre sida. Innerst i Flatraksdalen går det bratt opp og ein må krysse elva i enkelt vad før en kjem opp i Hestedalen. I Hestedalen ligg ei seter med 2 restaurerte "Sel": Her tar du av mot vest og går på skrått opp bratt skråning til skaret ved Johannevatnet, og følger ryggen vidare mot Alskartinden. Her får du nydelig utsikt nedover Flatraksdalen og utover havet. ​Fra Alskartinden går ein tilbake same veg og svingar av mot Johannevatnet. Ved Johannevatnet svingar du rett austover opp lia og følg kanten med utsikt nedover Flatraksdalen og Hestedalen. Når du har passert Hestedalsvatnet går du opp i skaret mot Namneberget, her svingar du rett nordover og følger sti mot Håkonshallen, Lynghaughornet og til slutt ned på Utsikten. Heile denne siste delen har du utsikt utover havet, mot Silda, Barmen og nordover mot Selje.