Inngangsbillett Norsk Reiselivsmuseum

Her får du lære om utviklinga av det moderne reiselivet både i Balestrand og Noreg.
Foto: Thomas Bickhardt/Bickfoto

Detaljer

Midt i den historiske turistperla Balestrand ligg eit av berre ein handfull museum av sitt slag i heile verda – Norsk Reiselivsmuseum. Her får du lære om utviklinga av det moderne reiselivet både i Balestrand og Noreg.

På museet finn de noko for alle: Eit moderne praktbygg skore ut av grunnfjellet, vegg i vegg med eit av Balestrand sine historiske drakestilshus; Cooperhuset er det einaste drakestilshuset i sentrum som er open for publikum, og her finn du òg informasjon om alle drakestilshusa i bygda! Museet har ei digital og interaktiv hovudutstilling, samt antikvariske bygg og flott uteområde.

Utforsk fem utstillingar, ein kinosal med filmar, butikken, biblioteket og Kafé Vindreken neste gong du er i Balestrand, anten du ynskjer å utforske på eiga hand eller få omvising – eller berre vil ta ein matbit på vår frodige terrasse. Museet tilbyr òg fleire guida turar i Balestrand.

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 457849
Parkering ved museet og på kaia i Balestrand
Type
Attraksjoner
Passer for
Ungdom, Voksne, Barn, Eldre
Kilde
Enjoy

Omtaler

Henter ..

Kart