Aktuelle alternativer
Detaljer
Eit heilt nytt laup ser dagens ljos i 2021: Holmatunlaupet! Ein snøgg strid i fjella som omkrinsar den vakre bygda Øystese.
Holmatun stod ferdig i 1927 og har fostra store opplevingar innan kutlrut og idrett og får i 2021 eit eige laup
Løypa Løypa er 17,7 km og har ein profil på knappe 1000 m stigning. Traséen kombinerer asfalt i bygda, skogsstigar, traktorvegar og fjellterreng. Start og mål er utanfor ærverdige Holmatun. Løypa er delvis merkt og det vil verta brukt mannskapar i felt.
Løypeprofil: http://www.lommekjent.no/turer/961218 GPX-fil: Last ned fila her (ikkje obligatorisk)
18 km og 100 høydemeter stigning omkransa den indre, vakre og nære fjellområda til Øystese
Løypeskildring: Etter start ved Holmatun i Øystese sentrum går løypa på asfalt gjennom sentrum og opp Torpelia. Bryt av ned mot Laupsadalen. På fin sti i slak stigning opp Laupsadalen mot Myrane. Ein liten asfaltstubbe att forbi Skogheim og Skårsvatnet (Gullfiskdammen). a av på skogsveg opp Skårelie mot Tanndalen vidare mot stølen Blomsete og over på sti mot Hyrting. Det er obligatorisk å sjekka inn. Deretter mot toppen av Soldalsfjellet med nydeleg utsyn ut fjorden før det ber på ned mot Klippe - Døgnope - Selesete og Skisetemarka.Ta av frå traktorveg ned mot Teldalen og Titteråsen. Ned mot bustadfeltet Kyrhagen på asfalt- og grusveg. Ta av mot høgre mot Steinhus og over Svartabrua. Gjennom gymnaset og ungdomskulen ned mot oppløpssida mot Holmatun att.
Nydeleg utsyn frå Hyrting
Klassar
Konkurranseklasse:
- Individuell (herre og kvinne)
- Innsjekk frå kl 11, start kl 12
- Aldersgrense 16 år individuell klasse (må vera fylt 16 år på løpsdagen)
- Aldersgrense 10-16 år i fylgje med vaksen (over 18 år)
Bedriftsklasse:
- Valfri klasse (trim/konkurranse)
- Premie til bedrift som stiller flest personar
Trimklasse:
- Registrering og start mellom kl 09 - 11
- Ingen tidtaking
- Diplom og premie til alle
Det gjev stor glede å ferdas vakker Hardanger-natur!
Pris Konkurranseklasse: kr 400 Bedriftsklasse: kr 400 Trimklasse: kr 150
Premiefest Kl 18 opnar dørene i Holmatun for premiefest! Her vert offisiell premieutdeling. I tillegg biletframsyning frå dagen, musikk, quiz og sal av noko å bita i. Fri aldersgrense kl 18 - 20 (premieutdelinga). 18 år frå kl 21 på Holmatun sin Sommarfest.
Vel møtt til premiefest i Holmatun!