Inngangsbillett Nordfjord Folkemuseum

Viss du er nysgjerrig på korleis folk i Nordfjord har levd dei siste 400 åra, kan du få nokon svar her
Foto: Espen Mills

Detaljer

Viss du er nysgjerrig på korleis folk i Nordfjord har levd dei siste 400 åra, kan du få nokon svar her. I friluftsmuseet i Jølet på Sandane, kan du rusle oppover langs elva mellom bjørk og furu og sjå 44 hus frå ulike tider og stader. Utforsk stover og stabbur, eldhus, låver og fjøs, stall og støyl, hunde- og hønsehus, ei skulestove og jamvel eit fargeri. Du kan også sjå korleis krafta frå rennande vatn har blitt brukt gjennom historia. Langs elva kan du sjå både kvernhus, stampe, sag og hjulhus, knytt saman av dammar og renner.

Ved fjorden, like utanfor Sandane sentrum, ligg vår største gjenstand – Holvikejekta, bygd i 1881. Det 20 meter lange fartøyet er det einaste bevarte av dei store klinkbygde jektene, som gjekk med varer mellom vestlandsbygdene og Bergen. I hovudbygget finn du kulturhistoriske utstillingar, kafé og museumsbutikk. I sommarsesongen er omvising i friluftsmuseet inkludert i billetten.

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 529001
Museet har nokre få parkeringsplassar reservert til rørslehemmede ved inngongen til friluftsmuseet, elles er det parkeringa ved Trivselshallen som skal nyttast.
Type
Attraksjoner
Passer for
Barn, Ungdom, Voksne, Eldre
Kilde
Enjoy

Omtaler

Henter ..

Kart