Garborgsenteret

Garborgsenteret er eit interaktivt museum om Arne og Hulda Garborg, Senteret vil inspirera til samfunnsengasjement, til å lesa og til å skapa, og vera ein sosial møteplass.
Foto: Asle Haukland

Detaljer

På Garborgsenteret skal ein ikkje berre sjå og lytta, men lesa, vera kreativ og løysa oppgåver – både fysiske og digitale. Utstillinga tar for seg følgande tema: ekteparet, språk, demokrati, litteratur, modernitet og tradisjon, media, livs- og samfunnssyn. Ein skal læra om Arne og Hulda Garborg, men også gjera seg opp sine eigne meiningar. I den interaktive utstillinga kan ein utforska liva deira, verka deira og visjonane deira. Du kan leika deg med den magiske blå kista, snurra på diktarhjulet, leita etter visdom i døypefonten, kosa deg i lyttestolane – og du kan fordjupa deg i litteraturen. Publikum kan velja mellom norsk og engelsk språk.

Frå februar 2021 kan du oppleva utstillinga "Verdas rikaste land" på Garborgsenteret. Utstillinga spør korleis det er å veksa opp i ein låginntektsfamilie i dagens Noreg? I utstillinga møter me ungdommar i krevjande livssituasjonar. I ein heilt spesiell installasjon, hjartet i utstillinga, fortel ungdommane om tankane sine, kjensler, utfordringar og draumar.

Målgruppa for senteret er eit allment publikum utan særskilte faglege forutsetningar.

Garborgsenteret ligg sentralt på Bryne, i Time kommune på Jæren. Senteret deler bygg med Time bibliotek og kafeen Garborgstova, og me har ein flott museumsbutikk.

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 479208
Garborgsenteret ligger like ved togstasjonen på Bryne.
Type
Attraksjoner
Passer for
Ungdom, Voksne, Eldre
Kilde
Enjoy

Omtaler

Henter ..