Veten - frå fjære til fjell.

Fjelltoppen Veten i Bremanger, 527 moh, var ein del av det gamle vetesystemet langs kysten i mellomalderen. Varsling om krig skulle gjevast ved at det vart tent vetar på dei høgste fjelltoppane...

Kilde: Nasjonal Turbase/UT.no

Foto: Kirsten Grotle

Praktisk info

Enjoy-kode: 375479
Parkeringsplass ved servicebygget til Grotlesanden. Om sommaren er et utvida parkeringsområde mot ei avgift.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
3 timer
Lengde
4.4 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst, Vinter

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Fjelltoppen Veten i Bremanger, 527 moh, var ein del av det gamle vetesystemet langs kysten i mellomalderen. Varsling om krig skulle gjevast ved at det vart tent vetar på dei høgste fjelltoppane langs skipsleia. Det var store bål som skulle vere synlege for folk i bygda og for dei som hadde ansvaret for neste vete.

Under krigen bygde tyskarane ei vakthytte der dei registrerte båttrafikken vest av Bremangerlandet.

I 2019 kom det opp ei ny hytte på same plassen; dagsturhytta til Bremanger kommune - Vetehytta.

Når du går til Veten starter du ytterst på Grotle. Ved snuplassen på vegenden, går du forbi rekkja av naust og mot grinda til utmarka. Her føl du tydeleg sti oppover i terrenget. Det er noko bratt stigning på god sti gjennom ur, knappe 300 høgdemeter. I Grolsdalen går du over brua og her flatar løypa ut i 700 - 800m før ny bratt stigning 200 høgdemeter. Då er ein oppe på platået og har ca 1,8 km att til Veten. Vetenplatået er flatt og steinfritt. Siste 700 m før Veten er ein slakk motbakke på 70 høgdemeter. Frå toppen har ein god utsikt utover havet i alle himmelretningane.

Rundt jonsok arrangerer Keipen Turlag fellesturen: Frå solnedgong til soloppgong, når vêret tillet det. Etter å ha sett sola gå i havet på Veten, går turen innover fjellet mot soloppgongen. Oftast går vi ned att grusvegen frå Tv-sendaren på Svarstad.

Sidan 2005 har Bremanger idrettslag arrangert Vetenløpet - frå fjære til fjell, andre laurdagen i juli.