Festidalen 2021

Som følge av Coronapandemien vart dessverre Festidalen 2020 avlyst.Vi gler oss difor storvegs til å invitere til å bli med på "årets vakraste eventyr - Festidalen" 25. og 26. juni 2021. Fleire...
25.juni
2021
17:00

Detaljer

Som følge av Coronapandemien vart dessverre Festidalen 2020 avlyst.Vi gler oss difor storvegs til å invitere til å bli med på "årets vakraste eventyr - Festidalen" 25. og 26. juni 2021.

Fleire av artistane som var på plakaten i 2020 er allereie bekrefta til Festidalen 2021 - mellom anna har me gleda av å ha både Gabrielle og Aurora på scenen på Dønhaug. Me held på siste helga i juni, og har ellers planar om å dra på med endå meir av alt det gode. Med andre ord, siste helga i juni er det Kvinnherad og Uskedalen som gjeld, framleis plassert midt i sunnhordlandsbassenget. Her får du servert musikk og kortreist mat av internasjonal klasse. I fjor høyrde vi mykje "for eit program!", "har du smakt burgeren?" og "utruleg mykje flotte folk her altså" summe over festivalområdet. Heilt sant, eller #truestory som vi seier på bygda.

Festidalen er open for folk i alle aldrar. Born under 13 år kjem gratis inn. Dei frå 13 til 18 må kjøpe eigen billett og ha følgje med verge.Sjåwww.festidalen.nofor meir informasjon.

Bussbillett er inkludert i passet du kjøper. Enkelt for deg og oss.

Praktisk info

Enjoy-kode: 185048
Type
Festivaler
Passer for
Barn, Ungdom, Eldre, Voksne

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo